Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Fredag 10/02-2007. Bølgene har arbeidt med sanden som vart tilkjørt. Det er ikkje enkelt å lage ein slik mur ute i sjøen og forvente at sanden blir liggande på plass. Her må enten muren tettast med duk, eller så må det fyllast på med sand utanfor muren også slik at  berre toppen av steinane blir synleg.

Image

Onsdag 20/12-2006. Det er overleveringsmøte for det nye servicehuset på miljøstranda. Dette er på dagen den dato som er sett opp i kontrakten.

Image

 

 

Fredag 20/10-2006. Firma Jon Strømsnes AS som har bygginga av Servicehuset på Miljøstranda har god framdrift i arbeidet. Utvendig er takhellene begynt å komme på plass og veggane er stort sett ferdige med beisa kledning. Innvendig er alt gjordt klar for støyping både i garderobedelen og lagerdelen.

Image

 

Søndag 24/9-2006. Reisverket på Servicehuset komt opp. Huset er beregna ferdig før jul og har to garderober med toalett, handicaptoalett, lagerrom for miljøstranda og eit stort lager til Arvid Sørbø.

Image

 

Lørdag 19/8-2006. Volleyball turnering på miljøstranda. Heimesjukepleien vekte mest oppsikt med fantasifull utkledning og like god heiagjeng.
Fotballgutta vant turneringa etter hard finalekamp mot volleyball damene.

Image

Fredag 18/8-2006. Arvid Sørbø og fornyingsminister Heidi Grande Røys legg ned grunnsteinen på det nye servicehuset som skal byggast.
Arvid har ofra to hus, deriblandt eldste posthuset i Eikefjord, for å gi plass til Servicebygget. Han får igjen lagerlokale i servicebygget.

Image

Lørdag 5/8-2006. Badestranda vart flittig brukt heile sommaren. Det var mest ikkje ein dag utan at det var folk å bada. Ungdommen heldt seg mykje ute ved Sørbøbryggja på stupebretta, medan dei yngre heldt seg i fjæra.
Mykje folk frå Florø tok turen innover for å gå på ei skikkeleg strand.

Image

Tirsdag 13/7-2006. Dei eldre ungdommane ville også være med på dugnad. Kenneth Endestad organiserte støypedugnad for volleyballnettet.

Image

Mandag 10/7-2006. Det tok ikkje lang tid før det støpte området vart tatt ibruk. Ein naturleg samlingsplass for både unge og gamle i finveiret.

Image

Mandag 3/7-2006. Det er klart for grovstøyping av pirane. Dugnadsgjengane har lagt stålmatter og forskala slik at grovstøypen under hellene kan leggast. Støypen er berre grovplanert for godt feste for støypen som hellene skal leggast i.
Det vart nok støyp til også å legge i bakken ved båtslippen.

Image

Fredag 23/6-2006. Jonsok feiring med bål på stranda. Kvelden begynte med rømmegraut og anna godt på Allhuset. Njål Hamn kjørte jonsok brudeparet på tur med hest og kjerre før alle fllytta seg bort på stranda for bålbrenning og grilling.

Image

Lørdag 17/6-2006. No er det klart for luftige stup. Dugnadsgjengen har montert stupebrett så no er det berre å kaste seg i det endå kalde vatnet. Det er vidare sett opp kant rundt heile den nederste piren ved Sørbønaustet.

Det er også kommen sand på stranda og graset er grønt opp mot vegen. No er det innbydande til å slikke sol og nyte livet på Sørbøen.

Image
Fredag 9/6-2006. No er det aktivitet på stranda igjen. Den ovendte hesteskoen som skal holde på sanden er lagt med fin beleggingsstein. Stranda mellom hesteskoane er grovplanert så no går det fint an å bruke stranda til bading. Image
Torsdag 27/10-2005. Etter badesesongen har det ikkje vore mykje aktivitet. Her er fundament til rullestolrampen støpt Image
19/8-2005. Tenning av lys var årets happening på dansen fredagskvelden. Tåka kom og tok ein del av stemningen Image
16/8-2005. Hektisk aktivitet med grøfter og kobling av lys før Eikefjord dagane Image
Onsdag 3/8-2005. Grendalaget har lagt ut 3 bøyer for å markere grensa for båttrafikk. Innanfor er det dei badande som råder vatnet Image
Mandag 25/7-2005. Finveir og mykje moro på stranda. Image
Søndag 3/7-2005. Graset er begynt å spire på grøntareala og grusen er lagt på nokre av gangvegane. Image
Torsdag 23/6. Jonsok tok vi stranda i bruk. Stort bål, mykje folk og nokre som bada frivilleg og ei mor helt ufrivilleg. Image
Mandag 8/6. Endeleg fekk vi sleppe til. Det var det dugnad på stranda og strand-promenaden. Molda vart javna og mange plantar vart sette i jorda.
Image
Foto: KeEn
3/6-05. Solnedgang litt etter klokka 10 Image
27/5-05. Mesta har begynt å jevne til molda på begge sider av promenaden Image
20/5-05. Lars Terje og Per Øyvind inspiserer anlegget. Framdrifta og detaljane må sjekkast så ein ikkje går seg på store overraskingar. Image
15/5-05. Mot småbåthavna er det laga til for sjøsetting av båtar. Denne delen av anlegget er alt flittig brukt av båtentusiaster. Dette skal også fungere som ilandstigning for rullestolbrukere Image
4/5-2005. No er aktiviteten flytta til strandpromenaden igjen. Piren bort om kirka er nesten ferdig Image
29/4-2005. Piren mellom småbåthavna og badestranda er klar. Her er det blitt god plass til å køyre båthengar ned og sjøsette. Vi får håpen sanden ligg etter stormflo og storm. Småbåthavna vil nok ta av for det meste av bølgene. Image
21/4-2005. Fortsatt arbeid med å legge stein på piren mellom småbåthavna og badestranda. Image
16/4-2005. Hesteskoen er nesten ferdig. Det skal leggast sand oppetter den rette delen av muren slik at det vert større halling på stranda enn før. Image
9/4-2005. No tar hesteskoen form. Her er overgangen frå den rette muren innerst til meir liggande mur utover. Image
3/4-2005. Det er fylt masse på promenaden frå Eikefjord Elektro og bort til Bakkebua Image
28/3-2005. Sjøhuset er sett på land. Image
19/3-2005. Sikla som tidlegare rende over badeplassen blir no førd i rør heilt nedom Sørbøbryggja. Image
12/3-2005. Nederste del av muren i hesteskoen. Dette vil bli skjult av sand seinare. Image
4/3-2005. Nedkøyringa til fjæra ved parkeringsplassen til kyrkja bryt fint av ein lang murstrekning. Image
25/2-2005. Per Øyvind Sørbø har sett ut stikker for å vise kor sjøbua skal stå. Image
20/2-2005. Fyllinga foran Sjøhuset påbegynt Image
11/2-2005. Muren langs strandpromenaden ferdig forbi kirka. Image
4/2-2005. Arbeidet på stranda fortset Image
30/1-2004. Hallinga på muren langs strandpromenaden blir justert. Image
21/1-2005. Mesta flytter aktiviteten bort til stranda. Konturen av hesteskoen er godt synleg. Image
15/1-2005. Mesta får kritikk for kvaliteten på muren. Den er ujevn og for bratt. Møte på kammerset pga oppslag på eikefjord.net Image
12/1-2005. Gamle posten og bua nedanfor er historie. Image
8/1-2005. No er Mesta begynt å fylle stein på strandpromenaden. Image
2/1-2005. Det er ikkje kommen meir stein på fyllinga innanfor saga. Image
26/12-2004. Det er ikkje fylt stein på badeplassen ennå. Image
18/12-2004. Det er stort sett veiret som forandrer seg i Kyrkjebukta. Image
12/12-2004. Det skjer ikkje så mykje med fyllingane Image
4/12-2004. Fyllinga nedanfor parkeringsplassen ved kyrkja igang. Image
8/11-2004. Første lasset med stein blir tippa innanfor saga på Sørbøen.
Image
Foto Roger Eltvik
8/11-2004. Ein historisk dag. Grendalaget, Flora kommune og Mesta skriv kontrakt på prosjekt Kyrkjebukta og miljøstranda.
Image
Foto Roger Eltvik
  Alle bilder OAEndestad

 

 

FJELLET

20060219-400-efj_st.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com