Meinig 19981 HøysetReiar Hoyseth soldat

På ei minneplate på Akershus festning står namna på 42 norske soldatar som omkom i Tyskland etter krigen. Reidar Høyset sitt namn står der ‘ikkje’.
Endå seks namn er registrerte, dei skal også få namna sine på plata.

- Det er mange til å vere i fredstid. Dei miste livet i forskjellige ulykker, ikkje i kamphandlingar, fortel Reidar Høyset frå Eikefjord. Han var ein av dei som tenestegjorde i Tyskland i etterkrigstida.

Veteranforbundet rustar ned
Andre verdskrigen gjorde slutt på så altfor mange unge liv, også etter at siste skot var losna.
No står vi ved ein ny milepåle.
10. november 2015 vart Tysklandsbrigadens Veteranforbund formelt avvikla på Akershus festning.
- Vi avviklar fordi gutta’ begynner å bli gamle. I denne samanhengen er eg faktisk ein av dei yngste. Vi er ikkje god til å møte lenger. Det er livets gang, seier 83-åringen.

19 år gammal reiste menig 19981 Høyset til Slesvig med brigade 521.


Tyskland var som kjent delt mellom stormaktene, og det var britane som hadde kontrollen i den delen der Reidar vart stasjonert. Han var i transport- og forsyningskompaniet. Norske soldatar var i Tyskland frå 1947 til 1953, til saman 50.000 mann.
- Vi kom ned i april 1952 til full vår. Vi hadde køyreoppdrag for heile brigaden. Mellom anna henta vi post og mjølk i Danmark, det var ikkje så langt over grensa frå Slesvig.


Frå okkupasjonsmakt til krigstapar
Reidar var berre ein unge då Norge blei okkupert av Tyskland.
- Det var alltid med eit stikk av frykt at vi såg tyskarane kome.

I 1952 var situasjonen snudd på hovudet.
- Det var rart å kome ned til Tyskland og oppleve stemninga. Befolkinga hadde forsona seg med krigstapet og gått vidare. Det var stor arbeidsløyse, og mange sivile jobba for oss. Eg følte at vi vart godt mottatt, seier han og held fram:
- Dei fleste var imot Hitlers regime. Heile byar var bomba i grus. Folk var opptatt av å få landet på fortet igjen, og det kan ein trygt seie at dei klarte. Det var optimisme i den sivilie befolkinga. Om noko så følte vi meir medynk enn hat.
Han har vore tilbake i Tyskland.
- Eg var der så seint som for tre år sidan. Den tyske staten bygde opp eit krigsminnemuseum i Rensburg, og den norske brigaden har fått sin eigen paviljong. Vi reiste ned til opninga, 34 stykker i ein buss frå Sogn og Fjordane.
Ingenting er berre svart og kvitt

Erfaringane har gjort noko med han.
- Dei fleste av oss hadde aldri vore i utlandet. Vi fekk krigshistoria inn på livet og ei kjensle av korleis det måtte ha vore.
- Eg fekk eit vidare syn på mange ting. Det har gjort meg meir tolerant overfor andre. Ingenting er berre svart og kvitt, ingenting er så enkelt.

Norge var ikkje budd på krig - kva med i dag?
Reidar er redd viktige erfaringar skal gå i gløymeboka når alle som opplevde krigen er gått bort.
- I dag er vi i ferd med å bygge ned forsvaret. Det set oss i same stilling som i 1940, då vi bittert fekk erfare at vi ikkje var rusta til krig.

- Kva tenkjer du om alle dei som i dag flyktar frå krig?
Eg trur i alle fall ikkje dei flyktar utan grunn. Når dei satsar livet på å kome seg til Europa, må det vere noko meir enn pengar som driv dei. Sjølvsagt er det nokre som hiv seg på bølga, men det er vel ikkje til å unngå.

Kilde: Firdaposten.no

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2