Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Eikefjord.net er den store informasjonskanalen i Eikefjord. Her følger bygdefolket med på det som hender i bygda, og lag og organisasjoner bruker Eikefjord.net aktivt til å nå fram med informasjon. Enkelte av desse laga har sin egen skribent som legg ut informasjonen, andre sender informasjon eller ringer til redaktøren som legg det ut.

Det er like enkelt å legge ut informasjon på Eikefjord.net som det er å skrive i tekstbehandling. I tillegg må ein krysse av eit par plasser for at infoen skal komme fram på nettsida. Ta kontakt om du ønsker å vere med på dugnaden.

Reklamen på høgre side er med å finansiere Eikefjord.net. Vil du være med å finansiere dette dugnadsprosjektet kan du ta kontakt med Odd Asle.

Sjå kontaktside.

 

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com