Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Start: Rasteplassen Riksveg 5
Tid: 45 min opp / 30 min ned
Høgd: 80 - 390 m.
Lengd: 1550 m
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Isete parti frå brua og opp om vinteren. Her bør ein bruke gode
isbroddar og tausikring om ein vil gå her vinterstid. Ikkje egna for ski.

Vanskegrad:

merking-bla-vandrer

God sti

 

Eikefjordstøylen ligg vakkert til, og er den av støylane som har best utsikt over Eikefjorden.

20060219-400-efj_st

 

Med utgangspunk her på rasteplassen, der det er god parkeringsplass,går det ein god sti oppover lia.

Følg den nye traktorvegen og fortset innover til grinda der ein møter stien frå Øvrebøen.

Stien er merkt med røde band heilt opp til støylen.

Image

 

På Bjønnamyra er det laga flytebru slik at ein kan gå over myra. Stien fortset opp grasbakken til venstre i bildet og gjennom grinda litt lenger oppe.

Frå grinda er det berre å fortsette langs ein godt synleg sti oppover lia.

Image

 

Kvile ved Kleivafossen.

Her får ein eit inntrykk av den utsikta som ventar ein når ein kjem opp på støylen.

Etter Kleivafossen kjem det flataste stykket på turen oppover.

Image

 

Ved brua er det fint å ta seg ein pust i bakken og forfriske seg på vatten frå elva som kjem frå Grøneheivatnet.

Stien som går innover langs elva går gjennom Betnene til Knapstadstøylen.

Sjå turbeskrivelse Brua - Knapstadstøylen

Image

 

Rett ovanfor brua kjem ein fram til eit område der stien ikkje er god å sjå fordi den går på berget.

Dersom ein held seg på berggrunn går ein ikkje feil.

Image

 

Mykje av stien vidare oppover går i slike hamrelag.

Vær litt oppmerksom så er stien lett å følge.

Image

 

Rett ovanfor trappene finn ein hammaren der vi rita initialane våre inn når vi gjekk til støyls.
Der er også Råtebenken for dei som treng ein ekstra pust i bakken.
Image

 

Vær spesielt oppmerksom her i Rømmeskåra. Er fjellet vått kan det være glatt.

Om vinteren er dette den verste plassen. Her kan isen legge seg og det kan være farleg å forsere dette stykket.

Image

 

Naturen har laga trappa her i Lussiræva. Image

 

Image

Og så ligg Eikefjordstøylen der og ønsker oss velkomne til fjells

Utsikta frå Eikefjordstøylen er god sjølv på ein regntung dag. Her kan ein sitte på benken og følge med på kva som skjer i sentrum. Image

Vintersdagen er det også fint å gå til fjells. Når det er kaldt kan stien til Eikefjordstøylen være svært vanskeleg å gå. Frå brua og oppover kan det ligge mykje is og då det er farleg å ferdast der.

kart_eikefjordstoylen

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Copyright: Odd Asle Endestad

 

FJELLET

20060611-550-vikan08.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com