Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Knapstadstøylen - Eikefjordstøylen

Frå Knapstadstøylen til Eikefjordstøylen er det fleire ruter.

Den enklaste er å gå ned til brua og opp til Eikefjord-støylen derifra. Det er den ruta som er vist lengst nede i terrenget.

Det er raskare å gå lengre oppe i terrenget. Den midterste løypa merkert her er litt vanskeleg, men på ingen måter stygg.

Eikefjordstøylen ligg ganske langt nede og kan være vanskeleg å få auge på.

Image

 

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

FJELLET

endestadnipa-utsikta.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com