Eikefjord - ein god plass å bu.

Eikefjord - ei idyllisk bygd i Fjordnorge

Elveigarlaget Osen- Vestre Hyen - Møteprotokoll for Iverksettingsmøtet Samlingsheimen på Storebru 8. mai 2014 Kl. 19.00 – 20.30

  1. Styret registrere frammøtte med fiskerett. Desse møtte; Hans Terje Anonsen 89/1, Kristin Svardal 90/1, Asle Magne Ellingsund 90/2 og 5, Stein Ove Svardal 90/4, Anne Marie Svardal 90/6, Dagfinn Ellingsund 90/8, Alf Vasset68/1, Torleik Stegane 68/3, Jan Osa 68/6, Asbjørn Sørdal 67/1 og 3, Hermann Heimseter 56/alle, Kjell Tonheim 60/1, Tor Helge Storevik 60/2 og 5, Atle Øren 57/1, Edgar endestad 59/1 og6, Oddvar Endestad 59/3, Evert Hamn 59/4, Arne Tonheim 59, 11 og 12, og for 59/13, Ragnar Hjorteset 58/7, Simon Lars Løkkebø 58/8, Ola Dagfinn Hovland 58/20, Steinar Langedal 61/1 og Allan Langedal for 61/5.

Desse møtte med fullmakt. Steinar Langedal for buet til Bjarne Langedal 67/2, Hermann Heimseter for grunneigarane på Knapstad 56/alle, Dagfinn Ellingsund for Magni Eimhjellen 90/8. Dagfinn Tveiten møtte med fullmakt frå Eli Tveiten 58/15.

Frammøtte utan fiskerett; Helge Anonsen, Tom Tonheim, Eina Tonheim og Hjermand Bruheim.

Til møteleiar vart Helge Anonsen vald, og til å føre protokoll valde møtet Jan Osa.

Til å skrive under møteprotokoll saman med møteleiar vart Evert Havn og Kristin Svardal valde.

  1. Vurdering av fullmakter; Alle fullmakter er godkjende med unnatak av fullmakt frå Eli Tveiten då denne ikkje var gjeven til ein annan med fiskerett. Forskrifta §7, jfr. §4.2. Dette vart oppdaga seinare i møtet, etter stemminga. Denne regelen gjeld berre på Iversettinsmøte/førebuande møte.

  2. Det vart opna for informasjon og drøfting av saksgangen fram til Iverksettingsmøtet, om forskrifta og dei to alternativa som er vidareføring eller val av Interimstyre, og evt. utsetjing.

  3. Innkomne merknader og protestar. Det vart kort gjort greie for ei generell oppsummering av innkomne protestar og korleis styret har handsama og ser på desse. Protestane vart drøfta i den rekkefølje dei kom inn til styret. Vurdering av forslag om utsetjing, og om det er formelt grunnlag for å gå vidare med Iverksettingsmøtet etter alle protestane.

  4. Protest frå Svardalen, merknader til §§, 4, 5 og 12, i tillegg til §7 jfr. §3, intern deling.

  5. Protest frå Osen, merknader til §5, punkt 2, fleirtalsvedtak, dei vil ha avstemming etter partar.

  6. Protest frå B.Svardal, viser til at med protestar frå Osen og Svardal er det ikkje mogeleg å gå vidare med Iverksettingsmøtet. Det må køyrast full prosess.

  7. Protest frå Osa, viser til at med protestar frå Osen og Svardal er det ikkje mogeleg å gå vidare med Iverksettingsmøtet. Det må køyrast full prosess og nyttast jordskift dersom naudsynt.

  8. Protest frå Sørdal, viser til at med protestar frå Osen og Svardal er det ikkje mogeleg å gå vidare med Iverksettingsmøtet. Det må køyrast full prosess etter forskrifta.

  9. Protest frå Eikevoll. KjellTonheim har sidan Informasjonsmøtet vore tydeleg på at han vil krevje at vedtektene vert fastsett etter full prosess og jordskiftesak dersom naudsynt.

  10. Protest frå Kristin Svardal. Laget vert vedteke vidarefør, og at ein bruker meir tid på å utarbeide vedtekter som betre ivaretek medlemmane.

  11. Protest frå Knapstad. Dei ber om at møtet vert utsett slik att dei får betre tid drøfting internt på Knapstad.

  12. Vurdering om det framleis er formelt grunnlag for å gå vidare til Iverksettingsmøtet. Osen, Svardal, Osa og Sørdal sa no frå om at dei ville kunne trekke protesten mot Iverksettingsmøtet då styret no hadde imøtekome alle innkomne merknader i hovudsak. Knapstad sa frå om dei ikkje ville sette seg mot at Iverksettingsmøtet vart gjennomførd. Kjell Tonheim står fast på sin protest. Kristin Svardal ynskte å vidareføre laget, men utsetje handsaminga av reviderte vedtekter. Kjell Tonheim ville og kunne stemme for utsetjing av Iverksettingsmøtet.

  13. Drøfte og godkjenne vidareføring av gjeldande partar i laget, evt. justere styret sitt framlegg. Alle er stor sett samde om at partane er rette med unnatak at Kjell Tonheim som vil stemme mot dette. Han står fast på at partane skal fastsetjast etter hovudregel. Fullmektig for buet til Bjarne Langedal ville ikkje ta stilling til fastsette partar for bruk 67/2. Det sam gjeld for grunneigarane på Løkkebø og Langedal då dei ikkje er i pliktig del. Grunneigarane på Solheim og Eimhjellen har på grunneigarmøte varsla styret om at dei vil vente med friviljug innmelding til laget er ført vidare og etablert i samsvar med ny forskrift.

14.    Godkjenning av innkallinga vart så teka opp til avstemming. Innkallinga vart          
         godkjend med 19 -nitten- for, og 1 –ei- stemme mot. Kjell Tonheim stemde mot å 
         godkjenne inkallinga og Iverksettingsmøtet, 70 partar for og 3 partar mot.

15.    Godkjenning av fastsette partar vart så teka opp til avstemming. Partane er 
         godkjende med 19 –nitten for, og 2 –to-stemmer mot. Kjell Tonheim og Simon Lars
         Løkkebø stemde mot, det vart då 72 partar for og 4 partar mot.

16.    Fastsette partar i pliktig del av vassdraget.(Bnr/partar):

Gnr. 89  Osen  35 partar          Bnr. 1/34partar, 4/1part

Gnr. 90  Svardal  22 partar  Bnr. 1/5p, 2/6p, 3/1p, 4/7p, 6/1p, 7/1p, og bnr 8/1part

Gnr. 68  Vasset og Osa  11 partar  Bnr. 1/1p, 2/1p, 3/1p, 5/4p, 6/2p, og bnr. 7/2partar

Gnr. 67  Sørdal  4 partar          Bnr. 1og3/2partar, og bnr. 2/2partar.

Gnr. 56  Knapstad  2 partar  Knapstad har 2 partar samla for alle med fiskerett.

Gnr. 60  Eikevoll  6 partar  Bnr. 1 har 3 partar, og bnr, 2 og 5 har 3 partar.

Gnr. 57  Øyra  4 partar  Bnr. 1 har 2 partar, og bnr, 2,3,4 og 6 har 2 partar.

Gnr. 59  Endestad  10 partar  Bnr, 1, 2, 3, 4, 5, 6, 11og12,13, 15, og 21, ein part.

Samla  94 partar.

Tildelte partar i ikkje pliktig del av vassdraget:

Gnr.     58        Løkkebø          Førebels          4 partar samla

Gnr.     61        Langedal         Førebels          2 partar samla

Gnr.     25        Solheim           Førebels          ingen partar

Gnr.     24        Eimhjellen       Førebels          ingen partar   

Samla  6 partar

17.   Godkjenning av nye vedtekter vart så teka opp til avstemming. Forslag til vedtekter
        vart vedtekne med 22 –tjueto mot 3 –tre- stemmer. Kjell Tonheim og Simon Lars
        Løkkebø og Kristin Svardal stemde mot, 72 partar for og 9 partar mot.

18.   Iversettingsmøtet vart heva kl. 20.30

 

                    

Nyheter

Nyheter 2021

OddA - 13 juli 2021

Ein ungdomsfest i helga kom ut av kontroll og enda i slostkamp. Det var både slag og spark og ein av kamphanane måtte behandlast av...

Nyheter 2021

OddA - 04 juli 2021

Den forlkekjære artisten Elisabeth «Bettan» Andreassen skal få Eikefjorddagane til å swinge.  – Det er veldig fint å få inn ein så folkekjær...

Nyheter 2021

OddA - 04 juli 2021

I det kraftige lyn og toreveiret som gjekk over Eikefjord søndag ettermiddag fekk naudetatane melding om at lynet hadde slått ned i Endestadvegen og...

Nyheter 2021

Lørdag mellom kl 12 og 15 hadde idrettslaget aktivitetsdag på idrettsbana. Det var lagt opp til forskjellige aktiviteter med hesteskokasting,...

OddA - 27 juni 2021
Nyheter 2021

Turstien frå Idrettsbana og ut i Kvalvika har fått eit skikkeleg løft. På eige initiativ har Matias Knapstad, Tommy Sæterlid, Bjørn Erik Haveland,...

OddA - 25 juni 2021
Nyheter 2021

Tursti Sørmarka har vore ein suksess heilt frå starten. Dugnadsinnsatsen var enorm og idrettslaget fekk hjelp frå alle kantar. Gjensidigestiftelsen...

OddA - 25 juni 2021
Nyheter 2021

Endeleg kunne vi møtes igjen. Eikefjordingane møtte i mannsterkt opp på stranda i ettermiddag. Det opna med grautservering og sal frå kiosken....

OddA - 23 juni 2021

Aktiv Fritid

15 oktober 2014

Start: Parkering ovanfor riksveg 5 mellom Langedal og SæterliTid: Se beskrivelse nedanforHøgd: 120 - 360/380 m. Lengd: 3 km, 2km,...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 3 timer ein vegHøgd: 60 - 760 m. Lengd: 6 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med orangefarga...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 1 t opp / 45 min nedHøgd: 60 - 290 m. Lengd: 2 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med...

16 oktober 2013

Start: Rasteplassen Riksveg 5Tid: 45 min opp / 30 min nedHøgd: 80 - 279 m. Lengd: 2,5 kmKartblad: Eikefjord 1118...

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu