Eikefjord - ein god plass å bu.

Eikefjord - ei idyllisk bygd i Fjordnorge

Vedtekter for Sameiget Elveeigarlaget  Osen – Vestre Hyen Forvaltningslag, i samsvar med "Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk", der sal av fiske føregår uavhengig av laget, og elveeigarlaget vert registrert som tingsrettslig sameige.

VEDTEKTER  FOR ELVEEIGARLAGET OSEN- VESTRE HYEN  FORVALTNINGSLAG

Vedtekne på Iverksettingsmøtet på Storebru den 8. mai 2014.

§ 1 SAMEIGET ELVEEIGARLAGET OSEN -  VESTRE HYEN FORVALTNINGSLAG

Sameiget Elveeigarlaget Osen -  Vestre Hyen  forvaltningslag, nedanfor kalla laget, er ein
samanslutning av fiskerettseigarar i den delen av Svardalsvassdraget med sidevassdrag som fører anadrome laksefisk. Laget omfattar eigedomar med fiskerett i vassdraget frå sjøen i Osen til Sagefossen i kommunane Flora og Gloppen.

§ 2 FORMÅL

Vedtektene for laget er fastsett i samsvar med "Forskrift om pliktig organisering og drift
av vassdrag med anadrome laksefisk" av 2013, og skal ivareta dei lovpålagde
forvaltningsoppgåvene som er gjevne i "Laks- og innlandsfiskelova" med tilhøyrande
forskrifter.

Laget skal forvalte fiskeressursane i vassdraget til beste for medlemane innafor
rammene av ein bærekraftig ressursforvaltning.

Laget skal være kontaktledd mellom laget sine medlemar og offentlege myndigheiter.

Laget har ikkje erverv til formål, og det enkelte medlem i laget disponerer sin eigen
fiskerett, eventuelt i samarbeid med andre medlemmer.

§ 3 ANSVAR

Laget er eit eigarlag og har delt, uavgrensa ansvar i samsvar med parten i laget ( proratarisk ansvar).

Laget har ikkje høve til å finansiere drift eller tiltak gjennom opptak av lån eller tilsvarande
finansieringstiltak, med mindre dette skjer ved at medlemane friviljug forskotterer utgifter mot seinare fråtrekk i skuldig forvaltningsavgift.

§ 4 PARTAR

Alle med fiskerett innanfor det området som er definert i §2, er med i laget og må følgje
dei vedtak som blir fatta. Det er ikkje mogleg å melde seg ut av laget, med mindre fiskeretten vert seld. Ved alle eigedomsoverdragingar skal tidlegare eigar rapportere namn og adresse på ny eigar til laget.

Dersom ein eigedom blir delt, og den frådelte parsellen får fiskerett, blir den frådelte
eigedomen automatisk med i laget. Størrelsen på parten må avtalast mellom kjøpar og seljar, og rapporterast omgåande av seljar til laget. Hovudbruket sin andel skal reduserast tilsvarande.

Partane er berekna i høve det som er bestemt i "Forskrift om pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk". Kvart sameige får tildelt sin del av partane i laget ut frå tidlegare avtaler og praksis.

Fordeling internt i sameiget vert styrt av Sameigelova eller av eventuelle tinglyste
avtaler. Kvar grunneigar har minst ein part i tillegg til dei partane grunneigaren får tildelt av sameiget sin del.

Partsfordelinga skal bereknast på nytt etter 10 år. Laget kan ved særskilte høve revidere partsfastsettinga kvart tredje år. Særskilte høve er når det har skjedd store endringar i
fordeling av fangsten fiskerettseigarane i mellom, eller at elva har endra løp.

Dersom det viser seg at oppførd medlem ikkje har fiskerett, melder han seg ut av laget. Utmeld medlem / partseigar er bunden av dei avtaler eller forpliktingar laget har overfor tredjemann inntil avtalen går ut, eller kan seiast opp. Partseigar som melder seg ut av laget har ikkje krav på del av laget sin felleskapital. Vedkommande sin fiskerett vert ført tilbake, og det som står inne på medlemskapitalkonto vert utbetalt innan tre månader etter utmelding.

Eigedomar som viser seg å ha fiskerett, men som ikkje har vore med i laget, skal bli med
i laget.

§ 5 ÅRSMØTET

1 Konstituering

Årsmøtet er laget sitt høgste organ. Ordinært årsmøte skal haldast innan utgangen av
april kvart år. Styret kallar inn til årsmøtet. Innkallinga til årsmøtet med saksliste skal skje skriftleg med minst tre vekers varsel. Saker som medlemmer ønskjer å ta opp på årsmøtet, skal være komne til styret innan 1. januar. Årsmøtet kan ikkje gjere bindande vedtak i andre saker enn dei som er nemnde i innkallinga.

Dersom ein fiskerettseigar ikkje møter sjølv, kan denne la seg representere av ein annen fiskerettseigar ved framlegging av skriftleg fullmakt. Ingen kan møte med meir enn ei fullmakt og fullmakt skal være datert og tidsavgrensa. Ektefelle / samboar / barn kan møte og stemme utan særskilt fullmakt, og kan veljast inn i styret for laget. Er eit selskap fiskerettseigar, kan dagleg leiar / forretningsførar med prokura, eller styremedlem som teiknar selskapet, møte og stemme. Dersom det ikkje er ein person som har selskapet sin prokura, skal den som møter få myndigheit gjennom styrevedtak eller formannskapsvedtak. For eigedomar som ligg i sameige, vert det kravt eit skriftleg sameigevedtak, (fleirtalsvedtak) som peiker ut kven som skal stemme på årsmøtet.

2 Fleirtalsvedtak

Det enkelte vedtak på årsmøtet blir avgjort med vanleg fleirtal (simpelt relativt fleirtal) mellom dei frammøtte. Ved avstemming og val har kvart medlem stemmetal etter partar. Dersom alle dei frammøtte er einige om det, kan avstemming skje ved at kvart medlem har ei stemme. Ved skriftleg avstemming blir blanke stemmer rekna som ikkje avgjevne. Likt stemmetal ved val blir avgjort ved loddtrekning. Ved avstemming elles har møteleiar dobbeltstemme.

Fleirtalsvedtak må ikkje påføre nokon medlem større kostnader og ulempe enn nytte. Vedtaket må heller ikkje føre med seg usakleg skilnad mellom rettane til fleirtalet og
mindretalet, eller gje urimelege fordelar for fleirtalet til skade for mindretalet. Ved endringar av fiskereglane skal alle medlemar så langt som mogleg rammast relativt likt. Medlemar som meiner vedtak er i strid med disse føresetnadane, kan bringe saka opp for rettsleg skjøn.

3 Årsmøtet skal:

1. Velje møteleiar.

2. Godkjenne sakliste og innkalling.

3. Registrere frammøtte.

4. Velje protokollfører og to personar som saman med leiaren skal skrive under 
    protokollen.

5. Behandle styret si årsmelding og årsrekneskap.

6. Behandle styret sin arbeidsplan og budsjettforslag samt fastsette årsavgift.

7. Velje leiar annan kvart år.

8. Velje dei styremedlemar og personlege varamenn som står på val.

9. Velje to revisorar med to varamenn for to år.

10. Velje valkomité på tre personar med personleg varamedlemar.

11. Behandle innkomne saker.

12. Nemne opp aktuelle komitear / utval etter forslag frå styret.

13. Vedta eventuelle godtgjeringar for verv i styrer og komitear etter forslag frå   
      valkomiteen.

Vidare skal årsmøtet dersom det er aktuelt:

14. Behandle styret sitt forslag til organisering av stasjonar for
      desinfeksjon av fiskeutstyr, smitteverntiltak, fiskekultivering, overvaking av
      laksestammen, oppsyn, fangstregistrering, nødvendig informasjon til
      fiskerettseigarane og fiskarane, fiskereglar, utarbeidd / ajourført driftsplan og plan for
      sal av fiske og eventuelt  endring av vedtektene.

4 Protokoll

Det skal førast møteprotokoll for årsmøta. Protokollen skal være tilgjengeleg for alle medlemane i laget.

§6. EKSTRAORDINÆRT ÅRSMØTE

Styret skal kalle inn til ekstraordinært årsmøte når styret eller minst 1/3 av laget sine
medlemar, rekna etter partar, krev det. Innkallinga til og saksbehandlinga på det ekstraordinære årsmøtet følgjer reglane for det ordinære årsmøtet. Det kan berre takast avgjerd i saker som går fram av innkallinga.

§7. STYRET

1 Samansetning

Laget blir leia av et styre på fem medlemar med personlige varamedlemar. Styremedlemane vert valde for to år. Styret vel sjølv blant medlemane sine nestleiar, kasserar og skrivar. Styreleiar skal ha funksjon som dagleg leiar.

Det er svært viktig med balansert representasjon frå ulike deler av vassdraget i styrande
organ for fellesforvaltninga. Styret skal såleis bestå av minst to representantar frå strekninga Osen, Svardal, Vasset og Osa, og minst to representantar frå strekninga Knapstad, Sørdal, Eikevoll, Endestad, Øyra, Løkkebø, Solheim og Eimhjellen.

Styret er vedtaksført når minst tre styremedlemmer, eller varamedlemane deira, møter.
I situasjonar der det er likt stemmetall i styret, har leiaren dobbeltstemme.

2 Etter retningslinjer frå årsmøtet skal styret mellom anna:

Arrangere årsmøte, legge fram årsmelding med rekneskap for føregåande år og utarbeide budsjettforslag og arbeidsplan for inneverande år.

Arbeide for ei rasjonell drift av laget i samsvar med formålsparagrafen.

Utarbeide forslag til:

driftsplan for vassdraget i tråd med vedtak på årsmøtet, fiskeregler, fiskekultivering, oppsyn og fangstregistrering,justerte partane kvart 10. år, eventuelt etter tre år,
årsavgift og eventuelt forskot, aktuelle komitear og utval.

Administrere innkrevjing av årsavgift, og sjå til at alle medlemane rettar seg etter reglar vedtekne på årsmøtet.

Sjå til at laget eventuelt blir registrert i dei offentlige register som lova krev, eller som ein ser som formålsteneleg.

Sjå til at alle naudsynte offentlige løyve blir innhenta for gjennomføring av driftsplan eller andre tiltak i vassdraget.

Samle inn statistikk over oppfiska kvantum, og ha ansvar for overvaking av laksestammen i vassdraget.

Ajourføre medlemslister

Arbeide for at elva sine fiskeressursar blir nytta i tråd med årsmøta sine vedtak.

Varsle Miljødirrektoratet via Fylkesmannen om manglande fangstrapportering eller brot på fellesforvaltninga sine vedtak om fisket.

3 Protokoll

Det skal førast protokoll frå styremøta.

§8 VALKOMITE

Valkomiteen er samansett av tre medlemar. Funksjonstida er tre år. Den medlemen som har fungert lengst samanhangande, skal være leiar. Komiteen tek avgjerd ved vanleg
fleirtal.

Det skal leggast stor vekt på å få god geografisk spreiing på medlemane i valnemnda.

§9 ARBEIDSÅR OG FORPLIKTING

Regnskaps- og arbeidsår føl kalenderåret. Laget er forplikta av styreleiar saman med eit
styremedlem.

§10 FINANSIERING AV LAGET

Kvart medlem skal betale medlemskontingent. Purregebyr på manglande innbetaling kan krevjast etter staten sine  satsar. Styret har fullmakt til å drive inn ubetalt årsavgift  jf. "Laks- og innlandsfiskelova" sin § 25, åttande ledd, anten ved inkasso eller gjennom Namsmannen. For eigedomar som ligg i sameige, vert utgiftene delte mellom eigarane i like store deler dersom ikkje ei anna fordeling er skriftleg meldt inn til laget.

Årsavgift per part blir fastsett på årsmøtet. Medlemar som kan gjere det sannsynleg overfor laget at dei ikkje har mulegheit for fangst, skal fritakast frå årsavgift.
Årsavgift på under 300 kr kan krevjast inn for tre år av gangen. Laget kan vidare
finansiere tiltak ved at det blir søkt om offentlige tilskot.

§11 FANGSTREGISTRERING

Alle som fiskar i elva, også fiskerettseigarane sjølve, må registrere fangstdata
etter retningslinjer vedtekne på årsmøtet.

Fiskerettseigarar er ansvarlege for registreringa, også når dei sel fiskekort eller leiger ut
strekninga. Styret skal varsle Miljødirektoratet  via Fylkesmannen om manglande
fangstrapportering dersom forholdet ikkje let seg løyse lokalt.

§12 TILTAK I VASSDRAGET

Laget kan stå som eigar  av vassdragstiltak innafor laget sitt område, jf. "Vassressurslova" og "Laks- og innlandsfiskelova". Vassdragstiltaket må gå fram av vedteken driftsplan, og dei naudsynte, offentlege løyve må vere henta inn. Dersom det viser seg at grunneigar / fiskerettseigar blir påført skade som følgje av tiltaket, gjeld reglane i "Vassressurslova" om skjøn og erverv av rettar.

§ 13 VEDTEKTSENDRING

Endring av desse vedtektene vert vedteke i lovleg innkalla årsmøte etter forslag frå
styret. Til gyldig vedtak vert det kravt 2/3-fleirtal av dei avgjevne stemmene.

§ 16  TVISTAR

Tvistar mellom partseigarane, eller mellom medlem og laget, som har sitt utspring i
laget si verksemd, skal partane søkje å løyse i minnelegheit gjennom forhandling.

Dersom ein ikkje kan oppnå semje, kan partane verte samde om å  avgjere tvisten ved voldgift med fiskeansvarleg i Flora kommune som einedomar.

Vert partane ikkje samde om voldgift, vert tvisten avgjort av dei ordinære domstolane
med verneting i Flora kommune.

§17 OPPLØYSING

Laget kan ikkje løysast opp før det eventuelt vert opna for det i "Forskrift om
pliktig organisering og drift av vassdrag med anadrome laksefisk". I så fall kan det gjerast vedtak om oppløysing av laget med 2/3-fleirtal på eit ordinært årsmøte etter at det har vorte reist tilsvarande forslag på førre årsmøte. Minst halvparten av partane må være representert. Møter ikkje så mange, kan forslaget verte vedteke på nytt årsmøte ved vanleg fleirtal rekna ut frå dei frammøtte partane.

Ved oppløysing skal laget sine aktiva setjast av i eit fond til fremje av laksefisket, styrt av Flora kommune.

§18 PARTSFORDELING

Det skal førast medlemsliste med fordeling av partane.

Vedteke på Iverksettingsmøte 8. mai 2014 med 22 –tjueto mot 3 –tre- stemmer.

 

Nyheter

Nyheter 2021

OddA - 14 oktober 2021

Det er vedtatt i Vestland fylke at bruene på Hovlandsvegen skal fornyast. Frå inste Hovlandselva er det ca 100 meter inn til fortau og sikker veg...

Nyheter 2021

OddA - 12 oktober 2021

Rv 5 Naustdaltunnelen kan bli stengt i perioder på inntil 3 timer og 30 minutter på grunn av vedlikeholdsarbeid i periodene: Søndag fra 22:00 til...

Nyheter 2021

OddA - 11 oktober 2021

Grønsberg Bygg det billigaste tilbodet på 3,35 millionar kroner for å rehablitere kyrkja. Tilbodet er ikkje best på kvalitet, men prisen veg tungt...

Nyheter 2021

Eikefjord IL hadde avtale med kommunen om overtaking av stølsrettar på Eikefjordstøylen. I forbindelse med videresalg er det statsforvalteren som...

OddA - 21 september 2021
Nyheter 2021

Til organisasjonar og fastbuande i Eikefjord sokn. Kyrkja i Eikefjorden er ei av 7 kyrkjer i Kinn kommune. Det har den siste tida vore arbeidd...

OddA - 14 september 2021
Nyheter 2021

Knut Havn tok for ei tid sidan over som dagleg ledar på Spar butikken. Etter ei totalrenovering i 2019 omsette butikken for over 31 millioner og sat...

OddA - 13 september 2021
Nyheter 2021

Mellom fredag 27. august og fredag 10. september skal Magne Hafstad AS utføre vedlikehaldsarbeid inne i Naustdalstunnelen. Det skriv selskapet i ei...

OddA - 26 august 2021

Aktiv Fritid

15 oktober 2014

Start: Parkering ovanfor riksveg 5 mellom Langedal og SæterliTid: Se beskrivelse nedanforHøgd: 120 - 360/380 m. Lengd: 3 km, 2km,...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 3 timer ein vegHøgd: 60 - 760 m. Lengd: 6 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med orangefarga...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 1 t opp / 45 min nedHøgd: 60 - 290 m. Lengd: 2 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med...

16 oktober 2013

Start: Rasteplassen Riksveg 5Tid: 45 min opp / 30 min nedHøgd: 80 - 279 m. Lengd: 2,5 kmKartblad: Eikefjord 1118...

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu