Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

SKOLTEN, EIN KVILE- OPPLAGS- OG UTSIKTSPLASS PÅ VEG TIL OG FRÅ STEINDAL

Frå gammalt av var Skolten,300 Skolten gammalt på vegen mellom Svardal og Steindal, nytta til kvile-, opplags- og utsiktsplass. Stokkane som vart køyrde ned dit, vart lagra i store velter. Når snøen for vart stokkane løypte utfor hammaren og henta att under Skolten.

Alle som gjekk opp den bratte Skolten sette seg ned for ei kvild når dei var komne opp dit. Kom folk andre vegen, stansa dei gjerne og såg ut over bygda før dei tok til på nedstiginga. Stien opp Skora er rydda slik at folk kan gå opp til Skolten frå Svardal langs Kleivaelva.

Frå Øyra var det tre ferdsleårar til Svardal; ei ned Skolten, ei ned Skora og ei ned Ytre Leitet på sørsida av elva.

TURAR I OSEN- SVARDAL- STEINDALSOMRÅDET
Gamle ferdselstiar over fjella søraust i Flora kommune

600 Turkart

FJELLET

20060611-550-vikan08.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com