Share

Tur til Kvanngrøstølen
Frå brua over Steindalselva går du sørover opp bakken ca. 100 m og svingar så austover. Du går stien inn til Kvanngrøstølen (ein støl Helle fekk bygge i Steindal si utmark på 1700 talet)
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Kvanngrøstølen er ca. 5 km, og du brukar ca. 1 time på turen.

Tur til Viddalsstølen
Frå Kvanngrøstølen går du sørover opp Helleheia til Viddalsstølen.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Viddalsstølen er ca. 8 km, og du brukar ca. 2 timar på turen.

Tur til Øvre Redal
Frå Viddalsstølen går du til sørover til Russenesstølen og vidare til Dalestølen og følgjer derfrå stølsråsa til Øvre Redal.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Øvre Redal er ca. 12 km, og du brukar ca. 3 timar på turen.

Tur til Helle
Frå Viddalsstølen går du til Russenesstølen og vidare forbi Skitnestølen og Einevollen til Helle.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Einevollen på Helle er ca. 14 km, og du brukar ca. 4 timar på turen.

Tur til Blåfjellet (791 m)
Du kan velje mellom fleire ruter. Frå Kvanngrøstølen sørover og opp mot Ystebotnen, opp Helleheia og vidare austover til Blåfjellet. Her er det fin utsikt til Førdefjorden med Heilefjellet og vestover mot øygarden.
Du kan gå nordover frå Kvanngrøstølen og svinge sørover att når du kjem opp til Albotnfjellet og vidare til kanten av Hesten. Derfrå ser du varden på Blåfjellet.

Du kan og gå ruta frå Steindal til Naustdal og svinge sørover Albotnfjellet og vidare til Hesten og Blåfjellet.
Det er naturleg å gå ein rundtur over Blåfjellet frå og til Kvanngrøstølen. Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og tilbake att er ca. 19 km, og du brukar ca. 4,5 timar på turen. Rundturen frå og til Kvanngrøstølen er ca. 14 km og du brukar ca. 3,5 timar på turen.

Tur til Jonstadstølen, Reiakvamstølen, Horstadstølen eller Agledal
Frå Boltevatnet kan du gå nordover ned lia til Jonsstadstølen og vidare derfrå til Agledalen der det er bilveg. Du kan og gå inn heia frå Boltevatnet til Reiakvamstølen og Horstadstølen.
Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Agledalen er ca. 13 km, og du brukar ca. 3,5 timar på turen. Det er same lengda inn til Horstadstølen, og du brukar same tida.

Tur til Naustdal
Frå Steindal går det sti til Naustdal. I eldre tid vart den brukt mykje. No brukar sauesankarane gjerne denne stien. Frå bygda går du skogsvegen på nordsida av elva innover så langt vegen går. Fortset inn Styggelia og opp skaret til Boltevatnet. Der kan du velje om du vil gå på nord- eller sørsida av vatnet fram til murane på Boltestølen. Derfrå går du på sørsida av Ørnehamrane inn til Liastølen i Naustdal, og på stølsvegen ned til Naustdal.

Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Naustdal er ca. 15 km, og du brukar ca. 4 timar på turen.

 

600 steindal

600 tur steindal naustdal

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com