Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Tur til Steindalsstølen
Gå over brua og følg traktor/skogsvegen300 steindalstoelen austover på nordsida av elva. Etter ca. hundre meter, etter grinda ved sankegardane, fylgjer du vegen til høgre.
Gå ca. 1,5 km, og kryss ei lita elv. Etter ca. 100 meter kan du velje om du vil fylgje ein merka sti (pålar med raud maling) på skrå opp lia til stølen, eller gå vidare på skogsvegen. Etter ca. 1 km. på den, kjem du til Rimmaelva. Sving der opp lia på austsida av elva og kryss elva tilbake ved søre kant av stølskvia.

Dette er ein lett tur. Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Steindalsstølen er ca. 3,5 km, og du brukar ca. 2 timar tur/retur.

Tur til Dyrdalen
Tek du turen til Dyrdalen går du nordover til Rimmavatnet og kryssar elva der. Gå så aust om vatnet og opp lia langs elva frå Dyrdalen, fyrst på austsida så over til vestsida på ei lita bru halvveges opp i lia. Oppe på kanten kjem du til første vatnet i Dyrdalen og du kan fortsette nordover på vestsida av vatna forbi ei lita sankebu. Nord på bergkanten, Skredene, er det utsikt over Eikefjorden og dalen oppover.

Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og Dyrdalen er ca. 5 km, og du brukar ca. 2,5 timar tur/retur.

Tur til Steindalfjellet (801 m)
Følg same ruta som til Dyrdalen. 300 steindalsfjelletPå kanten ved fyrste vatnet svingar du til venstre og går vestover. Stiginga vil ta til med ein gong, følg den sørlege kanten oppover, her er ein god del merking med små vardar. Oppe på kanten flatar det ut, og du går vidare vestover. Du vil etter kvart sjå varden på toppen og kan gå etter den. Varden er høgste punktet, 801 moh. Vestover er det fin utsikt mot Florø og øyane og Eikefjord og dei kjende fjella i nord. Du kan velje om du vil gå same vegen tilbake til Steindalen, eller gå vidare vestover og ned Skora. Vegen ned Skora er ikkje for dei med høgdeskrekk. Vel du å gå ned Skora, følgjer du småvardane vestover. Seinare svingar det litt mot sør og du kjem til Skora. Gå langs berget vest om det litt smale partiet og gå vidare i retning Håsteinen, nedover ryggen med Vassetvatnet på høgre side, følg ryggen heilt ned til det flatar ut. Sving så austover der det delvis er litt myrete lende. Gå litt mot søre kanten og vidare austover. Her kan vere litt vanskeleg å finne stien, men etter kvart vil du sjå husa i Steindalen og kan svinge ned mot dei.

Avstanden mellom parkeringsplassen ved Steindalsbrua og tilbake att er ca. 12 km, og du brukar ca. 5 timar på rundturen.

600 tur steindal naustdal

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com