Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Tur til Svardalsstølen
Parker ved brua (Øyrabrua) over 300 byksetSteindalselva mellom Svardal og Steindal, og gå austover på bilvegen ca. 200 m. Sving så til høgre inn på skogsbilvegen (bom). Du går på skogsbilvegen opp til Åmotstølen. Frå Åmotstølen til Svardalsstølen og vidare ca. 1 km. innover mot Stølsbotnen går det skogsveg. Det er ein relativt flat og lett veg å gå.

Avstanden mellom Øyrabrua og Svardalsstølen er ca. 3 km, og du brukar i underkant av 1 time dit.

600 Tur svardalstoelen

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com