Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Tur til Håsteinen ut Fjellsenden
Du parkerer ved brua over Steindalselva mellom Svardal og Steindal, går skogsvegen vestover kviene langs elva, og over brua i Håsteinsdalen. Når du er komen over brua går du til høgre, kryssar elva og går opp bakken til du kjem til ei godt synleg rås (gamle råsa opp Ytre Leitet mellom Svardal og Øyra). Den følgjer du i nordvestleg retning opp til høgste punktet, og bryt der av til venstre vestover, og går ut Fjellsenden. Du har utsikt til Svardal, Osen, Steindal og til bygdene nordover til Storebru. Når du kjem ut til Sveene ( det smalaste partiet før du kjem til Håsteinsmyrane), går du på sørsida av hamrane. Der er ei godt synleg rås etter hjorten. Du går sørvestover myrane og opp den bratte ryggen (Sjå foto).
600 haasteine

Når du er kommen opp på Håsteinen, kan du velje om du vil gå austover til Inste Håsteinen (964 m), eller vestover til Yste Håsteinen (915 m) og vidare sørvestover til Høydalsnipa (933 m).

Turen frå Øyrabrua til Inste Håsteinen er ca. 5,5 km, og du brukar ca. 3 timar opp og ca. 2 timar ned att.
Avstanden mellom Inste Håsteinen og Høydalsnipa over Yste Håsteinen er ca. 2,5 km. Tur- retur brukar du ca. 1 time ekstra dersom du tek med den turen.

Frå Håsteinen har du utsikt til bygdene sør om Førdefjorden, øyane i i Flora, Florø by og bygdene i indre Flora m.m.

 

Tur til Håsteinen gjennom Lelisdalen
Frå brua over elva i Håsteinsdalen går du opp bakken på skogsvegen ut til første skogsvegkrysset, der du tek til høgre. Den skogsvegen går over Håsteinsdalselva og opp bakken i Lelisdalen. Derfrå går du sørvestover opp lia til hamrane (Øykjegardshillaren) og vidare opp til Håsteinsmyrane (Sjå foto). Turen vidare er den same som for turen over Fjellsenden. Lengda, og tida du brukar, er og den same.

600 Turkart haasteinen

FJELLET

endestadnipa-utsikta.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com