Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Tur til Nordvik i Redal
Når du kjem opp til Svardalsstølen, 300 byksettek du av til høgre langs elva, og nyttar brua over Bygset (Sjå foto) for å komme deg over Stølselva. Frå brua går du austover myrane og opp skogsrinden mot Fureholten. (Ved lita elv kan du krysse elva sør for stølshusa og gå rett sørover til Fureholten) Frå Fureholten går du sørover aust for Svarthammaren, på vestsida av Nordvikstølsvatnet til Nordvikstølen, og vidare ned den bratte fjellsida til Nordvik.
Det er ein relativt lett tur til Nordvikstølen, men ned til Nordvik er det svært bratt.

Avstanden mellom parkeringsplassen ved Øyrabrua og Nordvik er ca. 7,5 km, og du brukar ca. 3 timar på turen.

Tur til Vasstølen
Frå Fureholten går du søraustover til Vasstølen og du kan gå ned den bratte fjellsida til Med vatnet i Redal. Stien ned Skadfjellet frå Vasstølen er svært bratt, så folk som ikkje er godt kjende, vert frårådde å bruke han.

Avstanden mellom Svardalsstølen og Vasstølen er ca. 3 km i lett terreng, og du brukar ca 2 timar på turen fram og tilbake.

Tur til Viddalsstølen
Frå Svardalsstølen går du på skogsvegen inn Fynderlia så langt den går. Gå vidare på skrå opp og inn lia, og vidare inn til Ystebotntjørna. Der kjem du inn på stien som kjem frå Kvangrestølen i Steindalen til Viddalsstølen.

Avstanden mellom Svardalsstølen og Viddalsstølen er ca. 3,5 km i lett terreng, og du brukar ca 2 timar på turen fram og tilbake.

600 tur svardal norevik

FJELLET

nipevatnet2.jpg

HALLEN

20170517-400-toget.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com