Tekst: Solveig Øren                                 Melodi: Vestland, av Sigurd Førsund

Frå fjell i aust til havet ut i vest,
der ligger staden som vi kjenner best
Kommunen Flora er vår heimstadshamn
Og Eikefjord er denne bygdas namn.

Mot nord går fjellet inn i Nordalsfjord
der Klauvekeipen ruvar mektig stor.
Men innanfor på rekke og på rad,
der ligg det holmar vendt mot Florø stad.

Kanalar, eid og sund er Floras sjarm
med skjelmske øyar inn i fjord og arm.
Set skapar liv i floraen omkring
så trolske  stemningar blir sett i sving.

Din fauna innheld venleik og mystikk
Din vår berusar som ein trolldomsdrikk.
Å, Svanøy! Sunnfjord vakre paradis,
i konkurranse tek du første pris.

Dei djupe fjordane på kryss og tvers
fortjener kvar for seg eit lite vers.
Dei er så fagre blå ved summarstid,
når heile himlen speglar seg der i.

Vi inn ved fjorden kvite kyrkja finn,
der berg og bjørkeskog ho kransar inn.
Med kors og tårn og velkjend klokkeklang,
ho fylgjer tid og våre ætters gang.

Å! Vakre heimstad i frå aust til vest
er du av dine elska aller mest.
Frå grensa di i nord til lengst i sør
står slektene bak deg som aldri før.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2