norskeflaggDet er løyvt 50 millionar til Hovlandsvegen. Primert er det bruene som ikkje tåler akseltrykket til tungtransporten som er problemet, men vegen er også skuleveg så behovet for gang/sykkelveg er også stort.
No blir det bygd gang/sykkelveg heilt ut til krysset i Kvalvika.

Flora/Kinn kommune har gjordt sin del av arbeidet. Reguleringsplan er på plass, men også trafikktryggingsplan med ambisjon om å blir godkjent som trafikksikker kommune. Planen hadde også følgande fokuspunkt for perioden: "Etablere samanhengande gangnettverk og leggje til rette for bruk av sykkel".

Politikarane har også lagt med eit godt arbeid. 

– At Kinn framstår med ein annan profesjonalitet enn mindre kommunar der sakene blir presentert og løfta opp i dei viktige møtene, og innan sette fristar, er heilt klart avgjerande om ein skal få gjennomslag. Så slik sett står vi sterkare i Kinn, påpeikar Frank Willy Djuvik (Frp) til Firdaposten.

 

Vestland fylkeskommune har ansvaret for oppgradering av bruene og dei mest kritiske punkta, samt tilrettelegging av gang og sykkelveg etter gjeldande reguleringsplan. Kinn kommune skal syte for å oppgradere VA-anlegget (vatn og avløp). Nettselskapet Linja og skal oppgradere sine straumledningar og anna infrastruktur i området. I sum blir dette gang og sykkelveg, bygd i etappar, men med skissert framdrift.

Enivest og Telenor har også linjer langs Hovlandsvegen. Busetjarane langs vegen håpar at også desse kablane vert lagt ned i grøftene. 

Gang/sykkelveg langs Hovlandvegen vil også lette utbygging langs heile vegen.

Les også Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu