Vassverket i Eikefjord skal oppgraderast med høgdebaseng og renseanlegg. Kommunen har kjøpt eit område hos Snorre Havn der dei skal bygge renseanlegget. Lengre oppe på andre sida av riksvegen skal høgdebasenget byggast.

Høgdebasenget skal sikre god stabiltiet på vassforsyninga. Ein vil med høgdebaseng få kapasitet til å levere nok vatn til industribygg på Nesjane og ved brann vil ein ha ein stor buffer å gå på.

Det er Allbygg som har fått jobben med å sette opp bygget reinseanlegget skal stå i, grave grøfter, legge røyr og bygge høgdebasseng. Sjølve reinseanlegget blir levert av Noka AS.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu