Når Posten etablerte postkontor på Hovland i huset til Ola og Oline Endestad vart det sett inn eit solid pengeskap. Dette pengeskapet vart brukt til viktige bøker og ikkje minst penger.


Når veglønningane og lærarlønningane skulle utbetalast var det mykje pengar i omløp. Først skulle pengane utbetalast til kvar enkelt. Når dette var gjort skulle alle rekningane betalast og pengane kom strøymande tilbake til postkontoret. Mange brukte også Postbanken som sin sparebørse. Pengane var ikkje heile tida i pengeskapet på postkontoret. Før utbetaling av lønningane bestilte postopnaren pengar i Florø og dei kom som verditransport med bussen. Etter at pengane var tilbake på postkontoret blei dei pakka i røde verdipostkonvolutter, forsegla og sendt med bussen til Florø.


Når postkontoret flytta frå Hovland og inn i bygget til Audvin Eikefjord stod pengeskapet igjen på Hovland. Posten ville ikkje påkoste fjerning av veggar for å få pengeskapet ut så Ola Endestad kjøpte pengeskapet for ei krone. Frå den tid har pengeskapet oppbevart viktige papir og verdiar for familien.


No fant familien ut at pengeskapet var for stort og tungt. Eikefjord Skyttarlag vart kontakta og dei ville gjerne ha pengeskapet. Pengeskapet vart sett ned på jernrør og med klaring på eit par millimeter i dørene vart det rulla ut på trappa. Her henta Oddvar Endestad pengeskapet med traktor og køyrde det ut på Grovastøylen.

20220831 patur


Igjen vart pengeskapet sett på jernrør og trilla forsiktig til sin nye plassering inne på stemnepresidenten sitt kontor.

20220831 sjauing

20220831_paplass.jpg

 

Oline Endestad som ga vekk20220831_nokler.jpg pengeskapet til skyttarlaget håpar pengeskapet kjem til nytte slik det har gjort i over 60 år på Hovland.

Etter ein kort innførsel i låssystemet på pengeskapet blei nøklane overlevert til Oddvar Endestad i Eikefjord Skyttarlag

No skal det tene skytterlaga på Grovastøylen i mange-mange år.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu