Nyheter 2022

Som ein del av arbeidet med frivillig skogvern sender Statsforvaltaren i Vestland ut forslag om vern av Osøyra naturreservat på høyring. Tilbodsområdet Osøyra er lokalisert på gards- og bruksnummer 89/1 i Kinn kommune. Arealet er eigd av ein privat grunneigar som har signert tilbod om vern av eigedomen som naturreservat etter prosedyren for frivillig skogvern.20220707 osen

Omrlådet strekker seg som vist på kartet nesten frå Osstrupen bru - opp på Mannen og langs Vikafjellet og ned til Svardalsvatnet. Vidare langs Håsteinen og ut mot brua igjen.

Verneverdiar på Osøyra
Osøyra har verneverdiar av høg kvalitet og tilbodsområdet vil kunne dekke viktige manglar i skogvernet i Vestland. Innanfor tilbodet er det avgrensa åtte naturtypelokalitetar av ulik storleik. To av disse er store, gamle tre av eik. Fem av naturtypelokalitetar er av regnskog, og ein er med gamal, boreal lauvskog. Både boreal regnskog med furu og fattig boreonemoral regnskog vil kunne bidra til å sikre eit meir representativt utval av skog i fylket for framtida.

Innspel til oppstartsmeldinga
Vi meldte offisiell start av vernearbeidet den 29. april 2022. Innan fristen den 26. mai fekk vi inn 8 innspel. Ingen av innspela er kritiske til opprettinga av Osøyra som naturreservat.

Innspel og vidare framdrift
Det er ønskjeleg med innspel på det frivillige skogvernet slik at prosessen og tema kan bli så opplyst som mogleg. Etter at innspel på denne høyringa føreligg, vil Statsforvaltaren vurdere innspela og ta endeleg stilling i si tilråding av vern til Miljødirektoratet.

Det er også mogleg å sende innspel med brev til Statsforvaltaren ved Miljøavdelinga, Njøsavegen 2, 6863 Leikanger, eller per e-post til

Frist for å kome med innspel er 1. september 2022.

Les meir hos Statsforvaltaren i Vestland

Aske Hud Fot stod plutseleg utan lokale i Eikefjord. Valget blei å flytte salongen ut i Strandgata i Florø. 

I 2004 var eg ferdig utdanna som fot og hudpleiar, i tillegg til massør. Det eg jobbar mest med no er fotpleie, og eg er veldig oppteken av fothelse. Det har ikkje blitt tid til noko offisiell opning av salongen enno, det får vi ta igjen etter ferien, fortel Gunn-Merethe til Firdaposten.

– Dei siste åra har eg opparbeid meg mange faste kundar i Eikefjord og distriktet rundt, så no blir det spennande å sjå om eg beheld desse. Eg har og reist heim til kundar som ikkje er så mobile. Dette vil eg fortsette med, så lenge tida strekk til. 

Les meir i Firdaposten

Gunn-Merethe finn du her: https://www.facebook.com/askehudfot/

20220623 bål1I Eikefjord var det tradisjonell jonsokfeiring. Tradisjonen tru er arrangementet på jonsokafta med samling i Allhuset før ein har tog til stranda. På stranda er det laga fint bål som etter kvart tok godt fyr.

Folk hygga seg med kaffi og anna godt frå kiosken. Praten gjekk livleg, det er ikkje vanskleg å sjå at folk saknar å komme saman i slike samanhenger og få snakke med naboar.

20220623 bål2

På grunn av for dårleg ordreinngang legg NCC ned asfaltfabrikken i Eikefjord. Fabrikken starta opp for litt over to år sidan, men frå og med måndag stansar all ordinær produksjon av asfalt.

– Vi har jo fabrikken der, men vi har ikkje god nok ordreinngang på hentekundar til å halde oppe ordinær produksjon. Vi ser på ulike moglegheiter der vi kan omstrukturere og drive fabrikken på ein annan måte. Truleg slik at fabrikken berre er i drift når vi får store oppdrag, seier Heimdahl, pressesjef i NCC til Firda.

Han forklarar at dersom dette blir tilfellet, vil det bli henta inn asfaltlag som vanlegvis jobbar i andre delar av landet.

– Vi ser også på sal av fabrikken som eit alternativ, dersom vi får eit godt tilbod. Sommaren vil blir brukt til å jobbe med løysingane, og vi vil kome tilbake til dykk med meir informasjon.

Les meir i Firda

2022 buss sonerFordeler for publikum med samanslåing til Vestland viser seg no i nye bilettprisar på buss og på ferjer til øyane utnafor Florø. Pris for vaksenbilett er no 40 kr innanfor same sone. For barn 6-18 og honør over 67 er det halve prisen.

Politikarane har jobba hardt for å forandre på direktiv frå sentrale myndigheter. Her var tanken gratis bil på båtane, men politikarane i Vestland ville det annaleis. Dei la i staden inn øyane i same system som bussane med bilettpris på 40 kr.

Reise i to soner blir også mykje rimlegare. Dette koster no 61 kr for voksen.

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu