Idrettslaget, Turlaget og privatpersoner har lagt ut ein del fjellbøker på støylar og diverse fjelltoppar kring Eikefjord. Dette er ein grei dokumentasjon på kor mykje fjellet blir brukt og kor folk helst går i fjellet. Er du ein av dei som registrerer deg kan du være heldig og bli trekt ut som vinnar av fjelltrimmen til Eikefjord IL. Dei trekk ut fleire vinnarar og deler ut premier på Eikefjorddagane kvart år. Nokre av turane er forbholdt barn. På støylane finn du bøker på Knapstadstøylen, Eikefjordstøylen, Hovlandstøylen og Kvalvikstøylen (oppe under fjellhillaren) På toppane finn du bøker på Blånipa, Nipevatnet, Flatenipa, Litjenipa, Strandanipa, Hatlesetnipa og Vikanipa. Lengre oppe i dalen finn du bøker på Eimhjellenipa, Ramsdalsnipa og Endestadnipa for å nevne nokon.

FJELLET

nipevatnet2.jpg

Eikefjord

Sentrum-fugler.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com