Share

Start: Knapstad, gjennom tunet til Albert Hamn
Tid: 60 min opp / 45 min ned
Høgd: 130 - 410 m.
Lengd: 2,1 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

 

 Vanskegrad:
merking-bla-vandrermerking-svart-ski
God sti, bratt for ski

 

Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå.

Image

 

Knapstadstøylen er lettast tilgjengelege ved å gå ta av RV5 på Knapstad og køyre opp til Albert Hamn.

Spør om parkering hos han.

knapstad-600

 

Frå gardstunet følger ein skogsvegen ein ser bak husa

Image

 

Frå gardstunet følger ein skogsvegen oppover lia.

Dei to neste bilda er overst på traktorvegen (Sjå kart nedanfor).

 

 

Ein må passe litt på å velge rett veg oppover slik at ein ikkje kjem feil ut.

Image

 

Eit stykke oppe må du følge ekstra godt med. Her går stien ut av traktorvegen og fortset oppover skogen. Image

 

Det er ikkje så langt frå traktorvegen opp til Kvile. For å komme på støylen fortset ein rett fram.

Går ein stien utover vil ein komme ut til vegen innanfor Øvrebøen.
Image

 

Når ein går rett fram over Kvile kjem ein til denne myra. Det kan vere litt vanskeleg å sjå stien på den andre sia, men kjem ein bort ser ein stien slyngjer seg oppover mellom trea.

Image

 

Her kan det vere lett å ta feil av stien. En skal følge stien der pila peiker sjølv om stien til venstre i bildet ser mest traffikert ut.

Stien rett fram er kyraråkja. Denne er best å følge på ski.

Image

 

KYRARÅKJA

Kyraråkja er ein godt trakka  sti til Knapstadstøylen. Det var her dei dreiv krøtera opp til støylen. Kyraråkja er mykje flatare enn stien, men ein god del lengre

Stien følger bergrygg utover til enden av denne myra der stien snur og følger berghammaren innover mot støylen.

Myra er einaste punkt der stien er vanskeleg å sjå.

 

 

 

Utanfor støylen møter Kyraråkja stien frå Stølsbrua til  Knapstadstøylen.

Skal du gå ned ser du etter pila  på steinen. Nede på kanten kjem du inn på ein godt opptrakka sti. Ver obs på myra og gå innover.

kyrastien01

kyrastien02

 

Stien oppover er ganske grei å gå. Det kan sjå ut som det ikkje går an å komme forbi enkelte plassar, men kjem ein nermare ser ein godt stien. Image

 

Etter litt vandring oppover og innover ønsker Knapstadstøylen oss velkommen der den ligg oppunder Bleikeknollen. Image

 

Fjellknausen over Knapstadstøylen, Bleikeknollen, gir godt utsyn over Eikefjorden Image

 Ein kan også starte på rasteplassen og følge riksvegen innover til første undergang. Herfrå er det merka sti til Knapstadstøylen Kvile.knapstadst-kart-600

Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. Stien begynner rett bak postkassen og er merka på kartet  


kart-indrestoylen-600

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com