Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Start: Rasteplassen Riksveg 5
Tid: 60 min opp / 45 min ned
Høgd: 80 - (260) - 420 m.
Lengd: 2,6 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Følg turbeskrivelse mot Eikefjordstøylen opp til Stølsbrua.

 Vanskegrad:

merking-bla-vandrermerking-svart-ski

God sti. Bratt på ski
             til stølsbrua



Knapstadstøylen er eit godt utgangspunkt for vandring i indre deler av fjellet nord for Eikefjord. Grøneheia, Grøneheivatnet, Silornipa er fine utflukter herfrå.

Image

Her på stølsbrua på stien til Eikefjord-støylen er eit fint utgangspunkt dersom du har tenkt deg på Knapstadstøylen. Stien innover er godt merka og lett å følge.

brua skilt-400

 

Du kjem opp frå stien nede i skogen og herifrå og innover er det mykje berg og lett å gå.

På bildet er Eikefjord-støylen oppe til høgre

betnene-400

 

Her er det greitt å gå innover.

Ver litt opps her i begynnelsen. Det er glatt der vatnet renn over berget.

betnene2-400

 

Eit stykke inne i Betnene skal ein krysse over myra og opp på ryggen til høgre i bilde.

Oppe på ryggen følger ein stien innover, og snart er du på Knapstadstøylen.

betnene6-400

 

Så er vi på Knapstad-støylen. Du kjem over haugen og går ned til sela.

Postkasse for fjelltrim står nede i flata.

Stien til Instestøylen går frå postkassen og rett over myra.
Bratt opp innanfor Bleikeknollen, men så fin sti innover.

(Ikkje merka)

knapstadstoylen-400
Det er også ein fin tur å gå vidare innover fjellet til Inste Knapstadstøylen som ligg rett nedanfor Grøneheia. Image

 Kart-Betnene

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

FJELLET

hovlandstoylen.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com