Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Start: Garasja innanfor Idrettsplassen
eller Rasteplassen (Følg skilting)
Tid: 1t 30min opp, 1t 15min ned
Høgd: 20 - 410 m.
Lengd: 3 - 4 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

 

Vanskegrad:

merking-bla-vandrermerking-rod-skimerking-rod-sykkel

Traktorveg

 

Følg vegbeskrivelsen mot Hovlandstøylen opp til Teinene. Dette er flata nedanfor Hovlandstøylen. Her finn du skilt ved vegen som fører utover til Kvalvikstøylen.

Det går også sti frå vestsida av bruene over Yste Hovlandselva på RV5. Gå gjennom grinda og følg stien oppover - ikkje merka.

 

 

Her på Teinene finn du vegen som går ut til Kvalvikstøylen.

Turen utover går på god traktorveg som er lagt nydleg inn i terrenget.

200901017-400-kvalvikst010

 

Traktorvegen er lagt gjennom elva. Ved stor vannføring bør ein nytte brua som er bygd litt nedanfor traktorvegen. Den er lett å sjå når du nærmer deg elva. 200901017-400-kvalvikstoylen009

 

På vegen utover passerer du Horstadstøylen. Her står det to sel. 200901017-400-kvalvikst008

Selet på Kvalvikstøylen med utsikt innover mot Hovlandstølen. Nederst til venstre i svingen går stien inn til Hovlandstøylen.

200901017-525-kvalvikst006

 

Det er fin utsikt frå toppen ovanfor selet på Kvalvikstøylen. 200901017-400-kvalvikst002

kart-kvalvikst-600

 

FJELLET

blanipa1.jpg

HALLEN

20170511-400-hallen.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com