«Og kanskje kommer kongenkirka , hit til middag no i haust»(Fritt etter Knutsen og Ludvigsen). Det som i alle fall er sikkert er kronprinsfamilen har fått invitasjon til denne viktige hendinga i bygda vår. Sjølve festdagen blir søndag 22.9.13. Så sett av denne dagen allereie no bygdefolk! Fylkesordførar, ordførar, og biskopen kjem! Soknerådet er godt i gong med planlegginga av merkedagen. Det vil også bli ein del andre markeringar i kyrkja no framover. Desse arrangementa vil bli publisert etter kvart. Elles gler vi oss over at siste del av arbeidet med kyrkja er godt i gang. Jørn Kåre Kvamme held i skrivande stund på med uteområde. Arbeidet der består i å utforme inngongen til kyrkja til eit universelt område.

FJELLET

Strandanipa.jpg

Eikefjord

20140816-barngraatass.jpg

Eikefjord ligg i indre del av Kinn kommunen nord på Vestlandet. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com