Eikefjord - ein god plass å bu.

Eikefjord - ei idyllisk bygd i Fjordnorge

Di meining i Firdaposten
TORLEIK STEGANE
Rektor ved EBU fram til 31.03.2012
Dette er ikkje siffer frå radarkontrollar i eller ved Eikefjord. Dette er kva det kostar å byggje om og byggje ut Eikefjord barne-og ungdomsskule kvar gong rådmann Terje Heggheim opnar munnen sin om dette prosjektet.

I intervju med Firdaposten for godt og vel to år sidan sa eg m.a. fylgjande: «Eg trur ikkje Terje Heggheim er ein god mann for Eikefjord. Han skaffar seg heile tida manøvreringsrom som han kan bruke til å trenere ombyggjing/utbyggjing av Eikefjord skule."

Eg bygde dette på mange samtalar eg hadde hatt med med rådmannen om t. d. utbyggjing av Eikefjord skule (var med i den fyrste plannemnda), ressurssituasjonen for EBU, budsjett, budsjettstyring. Hovudinntrykket eg fekk, var at det ikkje var så nøye med Eikefjord skule, kva vi sleit med eller ville ha forståing for, eller hjelp til. Eg trur eg vart oppfatta som ein varslar det galdt å kvitte seg med snarast mogeleg.

I desse dagar er det fælt å sjå at eg hadde rett. Her har rådmann Heggheim og delar av staben hans halde hundrevis av foreldre og elevar for narr i over fire år. Med ujamne mellomrom har dei snakka opp prisen på skuIeutbygginga i Eikefjord frå 68 mill.kr. i 2010 til 140 mill. kr. i 2014.

Ifylgje lesarbrev av Jacob Nødseth i Firdaposten nr.49/14 har dei vore driftige også når det gjeld å heve eiga løn på eiga hand. Dermed ligg rådmansløna i Flora i dag ikkje så langt unna løna til den norske statsministeren. Og kommunalsjefane er løna høgare enn stortingsrepresentane våre. Då må vi kunne vente noko meir av dei.

I tillegg har rådmannen og delar av staben hans gjennom desse fire-fem åra vore dyktige i spelet sitt. Hittil har dei lukkast i å manipulere både politikarar og andre for å løyne at dei eigentleg er imot heile prosjektet.

Når dei no har fått prisen opp i svimlande 140 mill. kr., møter rådmannen i Flora formannskap og fortel at den siste prisauken i «alt vesentleg skriv seg frå vanskelege grunntilhøve, med tjukke lag av myr og leire på tomta.»

Same grunngjeving kom for mindre enn eitt år sidan. Då var kostnaden 115 mill. kr.: «Det er og eit uavklåra spørsmål om grunntiIhøva er tilfredsstillande.» ( Komitemedlem Hallgeir Helland i Firda 12.06.2013). Uavklåra spørsmål? Vi er mange som undrar oss over dette. Dei som bygde Eikefjord skule for over 50 år sidan, sleit med dei same grunntilhøva som er der i dag, men dei fann ut av det alt i 1960.Venteleg var dette eit større problem å løyse då enn no i 20141 Det kling hult når rådmannen lest som dette kjem overraskande.

I intervjuet eg gav til Firdaposten i 2012 sa eg at å snakke med Heggheim om Eikefjord skule var som å snakke med konglomeratkolossen Håsteinen. Det kan sjå ut som det eg sa då, står seg.

Nyheter

Nyheter 2022

OddA - 24 november 2022

Heidi Humlestøl har vore rektor ved skulen i ti år, men  blir ny rektor på Florø barneskole.  Då søknadsfristen gjekk ut 15. november var...

Nyheter 2022

OddA - 10 november 2022

22.nov kl. 19.00 er det konsert i kyrkja. Dette er eit arrangement for å markere at kyrkja er pussa opp og vore stengd i ein lang periode. Trioen...

Nyheter 2022

OddA - 09 november 2022

Vi feirar at Eikefjord kyrke er ferdig restaurert med konsertar og andre arrangement. 19.nov kl. 16.00 Kulturkveld Lisbeth og Geir Hovland,...

Nyheter 2022

Eikefjord Grendalag har ei tid jobba med samlingsstad der Salmontunet var tidlegare. Salmontunet var den eldste garden i sentrum og siste huset der...

OddA - 08 november 2022
Nyheter 2022

Andrine Olsen Endestad opplevde sitt aller største høgdepunkt i karrieren, då ho fredag kveld blei juniornorgesmeister med Molde...

OddA - 05 november 2022
Nyheter 2022

Eikefjord grendalag og Eikefjord Liv og Lyst inviterer til Kick off Boligtomteprosess i lag med Kinn kommune! Dato: laurdag 12. november kl....

OddA - 04 november 2022
Nyheter 2022

Eikefjordsoga er oppdatert med fleire artiklar den siste tida. No er historia til dei fleste butikkane i Eikefjord før år 2000 komme inn på sida....

OddA - 23 oktober 2022

Aktiv Fritid

15 oktober 2014

Start: Parkering ovanfor riksveg 5 mellom Langedal og SæterliTid: Se beskrivelse nedanforHøgd: 120 - 360/380 m. Lengd: 3 km, 2km,...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 3 timer ein vegHøgd: 60 - 760 m. Lengd: 6 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med orangefarga...

15 juli 2014

Start: Litje Eikevik, LøkkebøTid: 1 t opp / 45 min nedHøgd: 60 - 290 m. Lengd: 2 kmKartblad: Eikefjord 1118 II Godt merka sti med...

16 oktober 2013

Start: Rasteplassen Riksveg 5Tid: 45 min opp / 30 min nedHøgd: 80 - 279 m. Lengd: 2,5 kmKartblad: Eikefjord 1118...

Fjellet

Eikefjord

HALLEN

Kopirett © 2021 Eikefjord.net. Alle rettigheter reservert. Ved bruk av artikler, bilder etc. skal det refereres til Eikefjord.net med lenke.

Utviklet av Inovalight.eu