Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Start: Litje Eikevik, Løkkebø
Tid: 3 timer ein veg
Høgd: 60 - 760 m.
Lengd: 6 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Godt merka sti med orangefarga pålar.

Vanskegrad:

merking-rod-vandrer

God sti

Starten av løypa er godt merka på vegen mot Løkkebø. Ved ferista i Litje Eikevik er det sett opp skilt som viser starten på løypa.

Løypa går i lett terreng oppover til Øyrastøylen. Like før støylen er det ei elv som kan være vanskeleg å krysse ved stor vassføring, men ny bru over elva er planlagt.

Vidare oppover kjem du inn i terrenget som du ser til høgre. Gled deg - det er ein flott tur.

20140709-300-lokkebo

 På Øyrastøylen står det eit sel.

Her var det stølsaktivitet i mange år. Under krigen hadde Erik Havn, som hadde gard på Knapstad kyrene sine her. Seinare hadde Nils på Øyra dyra sine her.

Stien går forbi her og opp bergene ovanfor støylen. Det er bratt, men snur du deg og nyt utsikta inn i mellom får du ein god opplevelse på turen.

20140601-625-oirastoylen

 Vel oppe ved Blåvatnet har man fortjent ein kvil.

I nord ser ein fossen ned frå Djupedalen. Den røde prikka linja viser stien opp. Eit parti er sprengt ut slik at det går an å komme seg forbi, men dette er svart rute. Frå Djupedalen er det fint å gå vidare opp til Blånipa. (Ikkje merka sti, sjå kart nedanfor)

Utsikta frå Blånipa er absolutt verd turen opp. Her er rundskue frå Jostedalsbreen, Stølsheimen, Øyriket og Ålfotbreen.

 20140601-600-djupedalen

Turen vidare utover går opp bakkar med flater og vatn imellom. Her er Grunnevatnet og stigninga i enden er den siste harde kneika før du er på toppen "Oppunder Blånipa". Derfrå går det slakt nedover igjen før du er framme ved Nipevatnet. I yste enden ved utløpet til elva finn du møtepunktet for dei andre stiane i området.

 

Herfrå tar det ca 1t og 30/45 min ned til Rasteplassen ved Riksveg 5

 

 20140601-625-grunnevatnet

Lokkebo-Nipevatn03

FJELLET

endestadnipa-utsikta.jpg

HALLEN

20170511-400-sang.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com