Share

Start: Garasja innafor Stadion
Sjå beskrivelse til Hovlandstøylen
Tid: 2 t opp / 1t 45 min ned
Høgd: 20 - 700 m.
Lengd: 4,5 km frå Garasja
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Turen er godt merka med røde trekanter og rødmåla stolpar.

Vanskegrad: 

merking-rod-vandrermerking-rod-ski

God sti
Kryssing av elv

Hovlandstøylen er eit godt utgangspunkt for fleire turar. Den røde stiane er ein av stiane til Strandanipa som har egen webside.

Stien til Nipevatnet og vidare til Skreene og Norddalsfjord er merka med røde stolper og trekanter. Dette er ein av stiane i gamle ferdselsvegar mellom Eikefjord og Norddalsfjord.

Turen mot Nipevatnet går langs elva opp til brua. Her følger man ein godt opptrakka sti oppover lia. Innimellom er det flatare parti så ein kan ta seg litt innigjen

Image

 

Rett før ein kjem fram til elva som kjem frå Nipevatnet skal ein svinge utover og følge Rindane, ein liten fjellrygg.

Denne følger man til rett innanfor ein liten foss. Vi skal opp innanfor denne fossen og stort sett følge elva opp til Nipevatnet. Svinger man litt innover på flata nedanfor den siste kneika er det ganske tørt og godt å gå. Ser ein godt etter ser man merkesteinane og merkepålane oppover.

Image

 

Her er eit vinterbilde frå Nipevatnet. Bildet er tatt innover mot Nipa. Når skaren ber er det fint å spasere opp hit.
Turen er også godt egna til ein tur på truger eller ski vinterstid. Det er lettast å gå litt lengre oppover Rindane før ein krysser elva på ski.

Image


Det er lagt ut bok som ligg i denne postkassen. I 2002 var det over 200 som hadde skrive seg inn i boka. Skriv deg inn du også.

I Nipevatnet er det gode muligheter for å få fisk. Ta med deg fisketroa og prøv fiskelykka.

Ta også turen bortom Skreene der du har god utsikt over Norddalsfjorden. Det er også merka sti vidare både til Solheim og Midtbø i Norddalsfjorden.

Image

Ha ein fin dag i Eikefjordsfjellet.

nipevatnet-525-kart

Informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet  er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglane og andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

Copyright: Odd Asle Endestad

 

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com