Share

20110712-250-solheimFylg riksvegen fem kilometer austover, ta av ved Storebru og fylg vegen litt nord og oppover, der ligg Solheim, ei lita fjellbygd omringa av snødekte fjelltoppar.

Vestre Hyen si naturperle er sjølvberga med både lensmann og sauedrift, postkasse og eiga TV-antenne for Riks TV. Fritt for vær og vind, akkurat der morgensola renn opp over Storfjorden, lever dei  70 salige fastbuande som i dag arrangerer Solheimsløpet 2011.


Det korte motbakkeløpet Solheimsløpet går frå Solheim sentrum til Solheimstøylen med start kl 19.00.

Alle kan vere med, uansett tempo og alder. Dei aller fleste tek dette som ein gåtur opp i dette flotte terrenget.

Ein går då på førehand, slik at ein kan stå og heie på løparane ved målgang. Dette er til stor inspirasjon for deltakarane som skal springje. Det tek omtrent 45 minutt å gå opp. Det 1 km med skogsbilveg og 1,5 km med skogstraktorveg frå Solheim og opp til støylen. Det kostar sjølvsagt ingenting å delta.

Oppe på Solheimstøylen vert det kiosk med sal av pølser, brus, vatn og sjokolade. Det vert og tent bål så her vert ein triveleg kveld for gamal og ung.

Det vert diplom til dei tre beste i alle klasser.

20110712-525-solheim

Starten på løpet går altså kl 19.00 ved den grå garasja til Martin Holme, nabo til skulen og sentralt på Solheim. Målpasseringa skjer oppe på Solheimsstøylen. Totalt tilsvarar dette ein høgdeforskjell på litt over 350 meter.

Alle som ynskjer å delta på løpet, må møte opp ved den nemnde garasjen seinast klokka 18:45 for påmelding og uttdeling av startnummer.

Det vert konkurrert i fylgjande klasser:

Menn 15+
Gutar 14-
Damer 15+
Jenter 14-

Løpet er eit samarbeid mellom Hyen IL friidrettsgruppa og bygdelaget på Solheim. Har du spørsmål, kan desse rettast til  Anders og Øyvind Magnus på tlf 900 86 480/908 29 211.

Her kjem eit dikt til inspirasjon, levert av den lokale Solheimspo(t)eten Øyvind Magnus:

Er du gamal eller ung,
lett eller tung.
Bli med på støylstur,
i vakker Solheimsnatur.
Om du tykkjer det går trått,
med traktor og slått.
Ny inspirasjon du får,
når du Solheimslia går.

Her kan du lese om korleis det gjekk i fjor.



Vel møtt

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com