Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

 

Når det vart bygt ny riksveg 5 utanom sentrum i Eikefjord vart det samtidig planlagt ein rasteplass med høg standard.
Rasteplassen har toalett som er åpe i sommarsesongen. Det er opparbeidd plass med benker og i terrenget er det laga ein sti der ein får ei fin utsikt over sentrum i bygda.

Image
   

 

 

 
Onsdag 07. juli 2004 vart rasteplassen på Stien høgtideleg opna. Ordførar Bente Frøyen stod for snorklippinga, og takka Eikefjord Grendalag for det engasjementet dei viste for å få alle detaljer på plass.
Image
 

 

Samstundes som Eurorasteplassen vart opna, lanserte Vegvesenet sin nye kampanje, Stopp og Sov. Kampanjen skal oppfordre bilførarar til å stoppe og sove i 15 minutt om dei vert søvnige, og som eit ledd i kampanjen vart rasteplassen besøkt av ein Tornerose-patrulje.

 

Image

Eurorasteplassen hadde Vegvesenet først bestemt at skulle byggast i Svarthumla. Flora Kommune var ikkje fornøgd med denne plasseringa. I eit brev til Teknisk etat og Bystyrerepresentant Lars Terje Standal blei det trekt fram at ein rasteplass på Stien måtte være eit godt alternativ. Lars Terje tok dette med seg og sette fram eit benkeforslag i kommunestyret om at Eurorasteplassen måtte plasserast på Stien, noko kommunestyret vedtok. Etter ein del tautrekking fram og tilbake med Vegvesenet vart kommunen sitt vedtak ståande, og dermed har dei reisande fått denne fine rasteplassen på Stien.

Nyhetsoppslag ved opninga av rasteplassen kan du lese her

Bilder frå opninga og nokre frå rasteplassen finn du her

 

FJELLET

blanipa1.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com