Share

Start: Parkering ovanfor riksveg 5 mellom Langedal og Sæterli
Tid: Se beskrivelse nedanfor
Høgd: 120 - 360/380 m. 
Lengd: 3 km, 2km, 2km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Egna for ski.

Vanskegrad:

merking-bla-vandrermerking-bla-ski

God sti

Med utgangspunkt i parkeringsplassen ovanfor riksvegen mellom Langedal og Sæterli kan du lett nå tre støylar. Når du har parkert følger du traktorvegen oppover terrenget. I krysset ca. 800m oppe i dalen tar du til høgre og fortset denne traktorvegen til ende. No er det over på sti, men det er fortsatt godt å gå. Etter ca 100m er det stidele, ein kan følge stien innover mot Litjevatnet og Litjevasshytta. Dette er den nye støylen til Sæterlia, men Sæterlistøylen ligg lenger mot aust. Det er ca 3 km opp til støylen og tar i underkant av ein time.

I stidele ovanfor traktorvegen kan ein ta nordover. Nokre få meter lengre opp feinn ein nytt stidele der ein kan gå opp til Sætanestøylen. Det er ca 2 km frå parkeringa og bør gå unna på ein 1/2 time.

Siste støylen er Langedalstøylen. Her er det i overkant av 2 km og turen tar ca 1/2 time. Frå Langedalstøylen er det merka sti vidare til Torsvatnet og derfrå til Endestadnipa. Dette er ein lettare tur til Endestadnipa enn den som er merka frå Campingen på Storebru.

Det er ikkje merka stier direkte mellom støylane.

20140126-600-langedalsstoylen

 

Sæterlid

Eit godt råd er å ta terrengsykkelen og sykle opp til Parkeringa i Langedalen. Her fortset du sykkelturen oppover traktorvegen. Her parkerer du sykkelen og fortset til fots oppover til støylane eller helt på Endestadnipa.

HUMLESTØL

camera hum

HALLEN

Ingen bilder

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com