Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

elemine-nipevatnetLavvoen ved Nipevatnet blir tatt ned om vinteren og er ikkje sett opp igjen endå.

Kva kan ein finne på ved Nipevatnet
I Nipevatnet er det gode moglegheiter å få fisk!
Det er fine turmoglegheiter i området, her kan vi nemne Blånipa, Flatenipa, Likkjenipa, Strandanipa og utsiktsplassar mot Nordalsfjorden. Stiane til desse plassane vil vi prøve å få markere betre. Sjå også lenka ”Aktiv fritid” og vidare til ”fjellweb” her på eikefjord.net for meir informasjon.

”Naturen har vi berre til låns” Desse reglane gjeld for lavvobasen:
Alt boss skal takast med heimatt
Vis naturhensyn til dyr og plantar
Rapporter inn til prosjektansvarlig ved feil og manglar

For å reservere ”lavvogamma”
kan ein sende ein SMS til Hilde-j. Ellingsund Tlf:41508930, eller sende ein e- post på :This email address is being protected from spambots. You need JavaScript enabled to view it.
Lavvobasen er open for reservering frå 17.06.07
Det kostar ingenting å nytte ”lavvogamma”.

Dette finst i ”lavvogamma”:
Kryllingovn (ta med litt ved, avis, omnen treng veldig lite for å få varme)
Liggeunderlag, feltseng
Stormkjøkken
Fiskegrill
Kaffikjele
Raudsprit og robb(til grill og stormkjøkken)
Campinglykter
Vannbærar
Nokre spikkeknivar, verktøypakke
Førstehjelpsutstyr
Brennbrikettar, fyrstikker
Eingongsbestikk, eingongsfat, koppar og litt kjøkken utstyr
Termos
Kortstokk, yatzy og litt andre spel.
Gjestebok (som vi oppmodar alle til å skrive seg inn i).

20070616-550-fiske

FJELLET

20140601-625-grunnevatnet.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com