Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar. - Les meir på info


Share

Start: Rundløype. Infoskilt på stadion og Rasteplassen.
Tid: Alt etter kor langt du sjølv vil trimme
Høgd:
Lengd:
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Godt merka gruslagt sti, gardsveger, traktorveger og langs fylkesvegen og fortau langs riksvegen.

Dette er eit prosjekt der Eikefjord Idrettslag utvikler eit anlegg som skal sikre gode turmuligheter i nærmiljøet. Prosjektet er støtta av Gjensidigestiftelsen, Norsk Tipping og mange andre bidragsytere.
Prosjektet blei først definert av Odd Asle Endestad som leder i trimgruppa. Prosjektet var då i største laget for Idrettslaget og lagt på is inntil det vart trekt fram igjen under plansmia i 2011.

Vanskegrad:

merking-gron-vandrer      

Gruslagt sti

 

 

merking-bla-sykkel

Nokre plasser er det trappetrinn

 

 

merking-gron-ski

Ikkje oppkjørte løyper

 

eikefjord-nord-600

Tursti Nordsida går rundt heile nordsida av Eikefjord, frå Knapstadbakkane til Kvalvik.

 

 

eikefjord-no-600

N3: Knapstadbakken - Rasteplassen. Rett ovanfor bebyggelsen i Knapstadbakken tar stien av opp ein traktorveg. Tuestien fortset under undergangen og rett etter denne går stien opp i skogen. Når du kjem ut av skogen igjen er du inne på traktorvegen som er starten på stien opp mot Kvile på Knapstaadstøyls-stien.
Turstien går ned bakken der det går ein sti opp til ei av monstermastene. (Sjå N4) Turstien går ned til undergangen og utover til Øvrebøen, bak løa og opp til Reiele. Her fortset turstien ut til Rasteplassen.

N4: Undergangen ved Øvrebøen -Traktorvegen til Hovlandstøylen. Denne delen av stien går frå stien som beskrevet over og opp bakken mot monstermasta som står der oppe. Når stien flater ut der opp finn du også ein av stiane mot Eikefjordstøylen.
Stien går ut til monstermasta og fortset ned mot Rasteplassen. I staden for å gå over riksvegen til Rasteplassen fortset du utover og opp bakken. Etter ei stund kjem du til brua på Akstreva.
Dette va blei brukt i eldre tider for å komme seg over elva.
Stien fortset rett ut til traktorvegen.

I ektremvær bør denne ruta ikkje brukast. Elva veks fort og går fort utover bøen utanfor elva.

N5: Rasteplassen - Hogane - Undergangen Hovland. Frå Rasteplassen følger turstien traseen til Stien. Her følger ein den gruslagte stien utover. Lengre ute er stien ikkje gruslagt og kan til tider bli gjørmete. Grunneigar og han som driv jorda vil ikkje ha grus, dette beklager vi. Stien fortset over brua og ut til Hogane. Her kan du gå ned Hogavegen der du finn igjen turstien mellom Stadion og sentrum.
Stien fortset utover til Fjøset i Innigarden og opp til undergangen på Hovland. Her fortset den oppover traktorvegen (N 6)

 

 

eikefjord-nv-600

N6: Undergangen på Hovland - Garasja innanfor stadion. Stien følger traktorvegen oppover mot beite. Oppe i bakken møter du stien som går innover mot Rasteplassen og Knapstadbakken.
Stien fortset opp bakken på beite. Rett ovanfor grinda går traktorvegen opp til Hovlandstøylen. Turstien fortset utover og går ned igjen utanfor Hovlandtunellen gjennom grinda til Hogen og utover på traktorvegen. Her er også ein sti som går mot Hovlandstøylen. Denne er merka med pålar/trekanskilt og er ein del av Stiar mellom Eikefjord og Norddalsfjord.
Turstien fortset ned til Garasja ved fylkesvegen.

Herfrå er greit å følge fylkesvegen og gangvegen langs riksvegen ut til Kvalvika, men det er bedre å gå ned til Stadion der N2 starter.

N2: Stadion - Kvalvik. Her tar ein av vegen ned til stadion og følger den gamle vegen ut Kvalvikdalen. Når ein kjem opp til byggefeltet fortset ein ned vegen til krysset.

N1: Kvalvik - Nesjane - Stadion. Frå krysset ved sida av riksvegen fortset ein den kommunale vegen mot Nesjane. Før ein begynner på siste strekninga ned mot industriområdet skal ein følge ein grusveg innover mot bana. Grusvegen går over i gruslagt sti som fører ein rett tilbake til stadion.

 

 

N7: Stadion - Havn - Sentrum. Ein følger vegen frå stadion inn til Garasja. Her tar ein av og følger Hamnavegen innover til Inste Hovland. Vegen går langs Hovlandselva og inn i Hamna. Der går den opp til brua og følger vegen vidare til Kommunekaia og opp til Fylkesvegen. Her på inste Hovland kan ein følge Hogavegen opp til Hogane og sti N5.
Følg så vegen inn til sentrum. Om ein går opp Knapstadbakkane kjem ein tilbake til startpunktet for turstiane på Solsida.
 

 

 Frå sentrum kan ein også fortsette på stiane i Sørmarka. Idrettslaget har også her stiar under planlegging, men dei er fine å gå før dei er opparbeide. Nokre av dei er svært våte og gjørmete i regnvær.  

FJELLET

endestadnipa-utsikta.jpg

HALLEN

20170401-basket.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com