Søndag 29. november kl. 20.00 – Eikefjord kyrkje KJØP BILLETT
Klokkeklare stemmer, tette harmoniar – og lysande mjuke smil!
Det er lett å la seg begeistre og komme i førjulsstemning når dei fem jentene i Kvedarkvintetten frå Hallingdal slepper julesongen laus. Vi kjenner dei frå Førdefestivalen og ikkje minst sjarmerte dei heile landet frå TV-ruta; i det flotte juleprogrammet Julefolk for nokre år sidan.
Kvedarkvintetten har som mål å få meir av tradisjonssongen frå Hallingdalen fram i lyset, og dette vil også vere gjeldande for repertoaret på julekonserten. – Det blir mykje julesong i hallingdaltradisjon, seier Margit Myhr. – I tillegg har vi med andre songar vi er glade i. Tekstane i julesongane vil truleg vere velkjende for dei fleste, men kanskje ikkje melodiane, som for det meste vil vere henta frå Hallingdal. Les meir..
Margit Myhr, Sina Myhr, Helga Myhr, Tonje Risdal Liahagen og Silje Risdal Liahagen – alle vokal
Sjå video
Eikefjord-konserten på Facebook
Billettar på TicketCo.no og ved inngangen: Vaksne kr 240 | BOB-medlemer kr 185 | Student/ungdom (14-20) kr 165 | Frivillige kr 165 | Born kr 60