Share

 

 

Eikefjord ligg i indre del av Flora kommune i Sogn og Fjordane. Bygda ligg inst i Eikefjorden og har tofelts veg til Florø (25km) og Førde (33km). Det er gode busstilbod mellom dei to byane.
Byggeklare tomtar er prosjektert både i nærleiken av Eikefjord sentrum, og i dei mindre grendene rundt Eikefjord. For meir info kontakt Flora kommune sitt tenestetorg (57756000 )

Image
   

 

Eikefjord Barne- og ungdomsskule ligg i sentrum og har 15 - 25 elevar på kvart av dei 10 klassetrinna. Barnehage med 3 avdelingar ligg også i gangavstand frå sentrum.
I sentrum ligg kafé med Norsk Slipsmuseum, bank, post, matvarebutikk, bensinstasjon, camping, bilverkstad, blomster-, elektro-, og VVS-butikkar, samt omsorgssenter og kyrkje. På industriområdet Nesjane ligg båtslipp og mekanisk verkstad. Lenger ut i fjorden ligg fleire oppdrettsanlegg og settefiskanlegg.
Image

 

Omsorgstenesta er organisert rundt Allhuset og Omsorgstunet. Her kan eldre leige seg leilegheiter og bu trygt med vakthald 24 timer i døgnet. Allhuset er óg bygdefolket si storstove, der større arrangement som bygdefestar, bygdekino og bryllaup vert haldne. Her er også bibliotek som held ope tre dagar i veka.

 

Image

 

Eikefjord har aktive lag og organisasjonar. Idrettslaget er størst med mellom anna fotball, ski og friidrett. Skulemusikken og Ungdomslaget er andre som har aktivitetar for barn og ungdom. Bygda har også eige blandakor. Grendalaget er svært aktiv for å få til vidare utvikling og aktivitet i bygda

 

 

Kalveskinnshavet, den inste delen av Eikefjorden har gode fiskemoglegheiter. Båthamna ligg fint plassert ved sida av Miljøstranda, kommunens flottaste badestrand som er tilrettelagt for funksjonshemma. I skogs- og fjellområda rundt Eikefjord er det mange fantastiske turstiar. Det blir også arrangert guida turar i regi av idrettslaget.

Image

 

Eikefjord ynskjer alle hjarteleg velkommen til å busette seg i bygda. Med sin sentrale plassering, vakre natur og gode servicetilbod i nærområdet er Eikefjord ein god plass å bu. Her kan ein finne roen i kvardagen med korte avstandar til ulike aktivitetar og servicetilbod, inkluderande bygdesamfunn og god infrastruktur til store arbeidsmarknadar.

I og rundt Eikefjord er det mange spor etter våre forfedrer, sjå innom linkane til venstre og finn noko av det vi har å by på

HUMLESTØL

Kamera Humlestøl

HALLEN

20161229-300-hall01.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com