I dag går fiberkabelen rett forbi Eikefjord. No jobbar ein for at den tek ein avstikkar ned til sentrum i bygda først.

– Vi jobbar no såpass konkret opp mot fleire leverandørar, at eg reknar med at vi skal ha fiber i Eikefjord sentrum i løpet av året, seier einoppglødd grendelagsleiar Brigt Samdal til Firdaposten.

Det det står og fell på er korleis dette skal finansierast. Her må det friske pengar på bordet frå storsamfunnet, eller frå brukarane sjølve.

– Grenda må mobilisere for fiber, om vi har lyst på det. Vi jobbar no iherdig med å finne ei finansieringsløysing, men det er klart; ei pengeinnsamling som vi hadde til fleirbrukshallen, klarar vi ikkje ein gong til, seier Samdal.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2