30. januar godkjende Plan- og samfunnsutvalet i Flora kommune planen for ein 1,5 kilometer lang gang- og sykkelveg langs Hovlandsvegen i Eikefjord. Denne skal gå frå krysset ved hovudvegen i Kvalvika og litt forbi skulen. No er det berre det formelle vedtaket i bystyret 13. februar som står att før planen er godkjent.

Leiar og eikefjording Lars Terje Standal (Ap) i Plan- og samfunnsutvalet har trua på at vegen vil komme denne gongen. I desember kom planen inn på marginallista til Regional transportplan på fylket. Det tyder at dersom alle gode krefter går i lag slik at vi får på plass finansieringa, kan vi løfte den inn som eit prosjekt. Dette er ein fylkesveg, og det må vatn, kloakk og fiber ned i vegen samstundes. Med andre ord er det fleire aktørar som må spleise på kostnaden; fylke, kommune, kraftlag og nettselskap.

Les meir i Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2