Share

Eikefjord maraton er ikkje stort. Det er eit ganske så lite arrangement drege av eit lite lag i Eikefjord, ei mellomstor bygd på Vestlandet. Men som treåringar flest er arrangementet kome seg opp på beina, er i entusiastisk driv framover, og klart i vekst.

Denne laurdagen er rett over hundre løparar frå to til 75 år samla for å tilbakelegge ulike distansar; toåringen slær følgje med nokre foreldre og andre born på 2 km barneløp, ein time etter legg 75-åringen ut på 10 km langs Endestadvatnet i nær perfekte forhold for løp. Skya, flau vind og mild seinsommarvarme.

Startskotet går først kl 11 for ni løparar som skal springe maraton. Liv Berit Jegteberg Lystad er åleine kvinne med åtte menn. Ho har fått favorittalet sitt som startnummer; 42, som talet kilometer ho skal legge bak seg. Som mannfolka veit ho kva ho skal gjere. Dette er 26 gongen ho spring maraton i år. Liv Berit er i rute; målet er 40 løp før året er omme. Ho er i godt selskap. Inge Asbjørn Haugen er med på Eikefjord maraton for tredje år på rad, og spring sitt 572 løp på distansen i dag.

Klokka 12 spring 27 barn 2 km. Leik og alvor i god blanding. Alle som vil er med, og alle kjem i mål. Håvard Austreim kryssar mållinja først. I dette løpet er dei fleste i ulik alder, og alle vinnarar.

Ein time seinare går starten for løparane på 5 km, 10 km og halvmaraton. Det er konkurranse. Alle spring på tid, og dei fleste mot seg sjølv. Odd Rognebakke (55) frå Tambarskjelvar vinn 5 km menn med 18.38. Minutt og sekund. Anna Grøneng er fyrste kvinne i mål med 23.27.

På 10 km er det Alexander Ask (34) frå Førde som susar fyrst over mål med 37.28. Beste kvinne er frå Eikefjord; Inger Johanne Sørbø (38) set ny personleg rekord med 48.02. Løparane frå tidlegare løp står i målområdet og heiar. Stemninga er livleg og stor.

Halvmaratonløparane fyk inn i målområdet til heiarop og jubel. Heile gjengen ruler. Øyvind Sørbø knuser til med ny løyperekord på 1.20.03, og vi er knasande stolte av sambygdingen vår. Han får 1000,- kr overført til konto for prestasjonen. Øyvind har frå før løyperekorden på 10 km. Den står i år også. Sørbø´ingane stiller sterkt, og spring til gode tider, heile gjengen.

To kvinner spring halvmaraton; Karolina Anna Zukrowska (40) frå Førde er vel nøgd med 1.52.47; det er betre enn sist ho sprang her. Ronja Helen Øygard (23) tek alt ut i ein spurt av ei anna verd, og kjem i mål på 2.03.38. Båe kvinnene får gåvekort frå Selje sport i posten.

Alle som spring og går imponerer meg, ein roleg og litt for lite aktiv funksjonær frå sofaen. Det er knapt å fatte at folk tek seg ut slik. Eg vert rørt av og glad for kvar og ein som kjem i mål til det eg synast er fantastiske tider. Bjørnar Gangsøy (30) frå Almenningen som elegant kjem i mål etter 42 og noko km på 3.03.15. Eg torer ikkje tenke tanken på å prøve, ein gong.

Men dei største historiene, som det ikkje er nokon aviser her for å vise? Vi har Reidar (86) og Ragnhild (74)  Høyset, som går 10 km kvart bidige løp vi har i Eikefjord løpskarusell. Unnateke når vi har Hovlandsstøylen opp; då står dei på toppen og sel sveler og anna godt etter at dei har gått opp. Makan til makalaust par finn du faktisk ikkje nokon annan stad.

I dag hadde vi også Audun Ramsdal med oss på 5 km mosjon. Med første augekast er det kanskje ikkje så «stort». Men for ni månader sidan låg Audun i koma etter ei trafikkulukke som nær kosta han livet. Eg vågar påstå at Audun vann største sigeren i dag. Han vann over døden. Og han har vunne over alle hindera han har møtt i kroppen sin etterpå. Eg er viss på det ikkje er få. Flora CK fortener beste klubb-status for positivitet og god støtte for alle deltakarar, og for å vere der for Audun Ramsdal, spesielt.

Kor vart det av maratonløparane? Gangsøy kom i mål for fleire avsnitt sidan. Haugen (65), som var suverent eldst av dei som sprang lengste distansen, kom i mål med 4.12.06. Og kvinna? Ho er min helt. Suverent sist. Med eit ribbeinsbrot frå fjellmaraton sist helg. Liv Berit Jegteberg Lystad vart første kvinne som fullførte maraton på Storebru i Eikefjord. Med 4.51.09. Den rekorden knuser ho neste år; ho vann trass alt busspengane hit med løyperekorden. For sjølv som siste kvinne kom ho først. Ever.

Vi heiar på deg, Liv Berit! Men neste år vonar vi du får selskap på nummer 42.

For bilete frå Eikefjord maraton 2018, sjå

https://www.facebook.com/media/set/?set=a.1882190195207025&type=1&l=263f16c4af

Fotograf: Truls Kleiven.

HUMLESTØL

camera hum

Eikefjord

20150621-storebru.jpg

HALLEN

20171105-400-styrke.jpg

Opphavsrett © eikefjord.net
Utviklet av Tunanor.com