Vegvesenet skal som del i oppgraderinga i sentrum lage torg på plassen ved sida av gamle Langedalsbutikken. Eigarane av grunnen der det nye torget i Eikefjord skal ligge, Magnhild Reiakvam, Ludvik Langedal og Arve Havn, har gjort sitt til at torget no kan realiserast.

Torgplanane kunne ikkje ha vore realisert utan at desse tre grunneigarane hadde gitt opp sin del av eigedomen, og grendalaget er svært nøgd med løysinga.
– Vi kjem til å få eit fantastisk flott Eikefjord sentrum når alt er ferdig. Vegvesenet har lova at torget skal vere ferdigstilt til 21. august, slik at vi får spylt det og gjort det klart til Eikefjorddagane som startar 22. Vi gler oss veldig til fellesopninga av dagane og det nye sentrumet, seier Lars Terje Standal i Eikefjord grendalag.
I tillegg til at Reiakvam, Havn og Langedal har gitt opp grunnen sin, har sistnemnde putta 50 000 kroner i potten for å få ferdigstilt den nye møteplassen i Eikefjord sentrum. Eikefjord Grendalag har betalt inn 40 000 kroner

Kilde Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2