badeliv på strandaEikefjord og Flora Kommune har gjennom dette unike prosjektet fått eit miljøanlegg som tar vare på behov langt utover kommunen sine grenser. Dette er eit trekkplaster og ein møteplass for store og små.
Ved å få realisert eit slikt anlegg, har innbyggjarane i kommunen fått ei miljøstrand som er tilpassa for mange aktivitetar. Innanfor eit område på 1 km ligg barnehage, omsorgssenter og skule. Dette er nærbrukarar  av miljøanlegget heile året.
Det særeigne er at dette anlegget er særs godt tilrettelagt for dei av oss som ikkje har full førlegheit.

Det som var utløysande for prosjektet er overskotsstein frå RV5-anlegget, og at vi får denne steinen gratis. Gåva frå Statens Vegvesen har ein verdi på ca kr 1.920.000,-.

Totalt er prosjektet er kostnadsrekna til ca kr 5.486.000,-

  • Badeanlegg tilrettelagt med ulike aktivitetar stranda
  • Servicebygg med sanitæranlegg og kiosk
  • Sandvolleyballområde
  • Strandpromenade med lys og stabbesteinar
  • Møte- og rekreasjonsplassar
  • Bål- og grillplass
  • Parkeringsanlegg

    Følgjande tilbod er tilrettelagt for rørslehemma og rullestolbrukarar:

    • Fiskeplattform
    • Ombordstigningsplass til båt
    • Badestrand

    Finansiering
    Finansiering er tenkt gjennom Tippemidlar, Extramidlar, Diverse fond og legat, Sponsormidlar, Kronerulling frå private, Kjøp av andelsbrev, Gåver, Dugnad, Kommunal støtte, Fylkeskommunal støtte, Støtte/gåve frå lag og organisasjonar.

     Tidsramme
    Prosjektet hadde oppstart 8. november 2004 og prosjektet er ikkje 100 % fullført enda.

    For å synleggjere den verdien eit slikt anlegg har for regionen siterer vi følgjande:

    Fylkesordførar i Sogn og Fjordane, Nils R Sandal : Eg er imponert! Vi er klart positive til å medverke for å realisere dette fantastiske initiativet frå Eikefjord Grendalag.

    Ordførar i Flora, Bente Frøyen Steindal : Som ordførar er eg imponert over den glødande dugnadsånda som råder i Eikefjord. Badestranda vil bli ein attraktiv og miljøskapande samlingsstad for heile Flora Kommune. Eg gler meg!

    Hamne- og næringssjef i Flora, Eivind Hjellum : Anlegget i Kyrkjebukta vil, saman med sentral lokalisering, bidra til å gjere bygda Eikefjord til ein særdeles attraktiv stad å bu. Plassert midt mellom Florø og Førde, og med eit triveleg og pulserande sentrum med strandpromenade og badestrand, vil Eikefjord ha meir å tilby enn dei fleste bygder på denne storleik!

    Dagleg leiar Sunnfjord 2020, Olav Steimler : Handlekraft og kreativitet. Pågangsmot og gjennomføringsevne. Glede og humør. Kan det gjøres bedre?

    Leiar Eikefjord Næringsforum, Atle Erling Grøneng : Dette er eit anlegg til glede for liten og stor, gammal og ung og til stor nytte for Eikeford og heile regionen.

    Fylkesleder Sogn og Fjordane fylkeslag av Norsk Psoriasis forbund, Gunn Høyvik Nilsen : Ei badestrand i Flora Kommune har vi manglet i alle år! At det nå skal lages en i Eikefjord, ser vi svært positivt på. At den i tillegg blir tilrettelagt for bevegelsehemmede er fantastsk. Mange psoriaktikere har også psoriasis artritt og gikt. Kombinasjon av sol, saltvann og svømming er supert for en med sporiasis og pso. Artritt. Vi gleder oss til å ta badeanlegget i bruk nær det står ferdig.

    Fylkesleiar Norske Kvinners Sanitetsforeneing, Anne Rigmor Gjertsen : Omsorg i nærmiljøet. Dette er eit positivt tiltak for barn, unge og eldre. Mange gode krefter, samt felles frivilllig innsats gjev engasjement og sanitetslaga lokalt vil delta. Fylkeslaget støttar prosjektet og ynskjer lykke til.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2