Start: Eikefjordstøylen
Tid: 30 min
Høgd: 390 - 450 m.
Lengd: Ca 2 km
Kartblad: Eikefjord 1118 II

Noko fuktig terreng og kryssing av elv der det ikkje er bru.
Vanskeleg ved store nedbørsmengder.

Vanskegrad:
merking-rod-vandrermerking-rod-ski

Kryssing av elv

 

Det er mange stiar mellom Eikefjordstøylen og Hovland-støylen. Her er rutebeskrivelse av den raskaste stien mellom støylane. Denne stien er merkt med orange maling.

Image

 

Image

Sjå etter den karakteristiske fjellhammaren som er merka på bildet over. Stien går rett under denne hammaren og du ser den nesten heile vegen fram dit.

 

Først går du nedanfor sæla og ut vil den små badedammen. Derfrå følger du stien som er merka utover. Stien går stort sett på mota heile vegen ut til hamrelaga innanfor Hovlandsstøylen.

Rett utanfor den siste pila på bildet går det ein annan sti utover som er merkt med røde band. På denne stien slepp du den vanskelege hammaren.
Image

 

Sjå etter steinen som ligg på berget. Der ser du stien som fortset utover.

Image

 

Du ser fortsatt den karakteristiske hammaren.

Det er berre å fortsette utover og forbi hammaren. Etter hammaren kjem du ut i ei skår, i enden av denne kjem du deg ned og kan fortsette opp langs hammaren.

Image

 

Her er enden av hilla nedanfor hammaren. Litt vanskeleg å komme ned.

Det er enda vansklegare å finne denne vegen når du går frå Hovlandstøylen og innover. Hold godt oppunder hammaren når du kjem ned bakken så finn du skåra der stien går opp.

På ski kan ein følge litt lengre ned langs hammaren og gå opp igjen lengre inne.

Image

 

Her har du forsert den tyngste bakken på turen mellom støylane.

Du skal gå på sørsida av myra til høgre i bildet.

Image

 

Her er det lett å ta feil. Stien svingar mot høgre og går utover.

Går du rett fram vil du komme til ein bakke nedover mot elva.

Fortset du nedover her vil du komme inn på traktorvegen til Hovlandstøylen
Image

 

Finn du dette treet er du på rett veg. Image

 

Her er elva som kjem frå vatna nedanfor Storefjellsenden. Den renn saman med elva som kjem frå Grøneheivatnet og renn ut i sjøen på inste Hovland.

På regnfulle dagar med mykje vassføring er det vanskeleg å ta seg over elva. Prøv då litt lengre oppe.

Image

 

Her har du komme forbi hamrane der du har god oversikt over traktorvegen til Hovlandstøylen.

Stien går på oppsida av traktorvegen helt fram til Hovlandstøylen.

Image

 

Og så er vi på Hovlandstøylen. Image

kart-eik-hovst-600

Det blir lagt ut informasjon og bilder av stiar i Eikefjordsområdet denne fjellweben. Dette er meint som hjelp til dei som ikkje er kjent i dette fjellområdet. Informasjonen skal brukast saman med fjellvettreglaneog andre omsyn som må takast i fjellet. Dei ansvarlege for informasjonen som er lagt ut fraskriv seg eitkvart ansvar for ulykker og andre uhell som kan oppstå ved bruk av informasjonen på desse sidene.

 

Copyright: Odd Asle Endestad

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2