Eikefjord Bygdekvinnelag

Adresse

 
Eikefjord Bygdekvinnelag Telefon: 97976632
v/ leiar Elisabeth Ellingsund,  
Svardal  
6940 EIKEFJORD  
   
Leiar  
Elisabeth Ellingsund Mobil: 97976632
   
   
   


EIKEFJORD BYGDEKVINNELAG 60 ÅR
(Kåseri av Solveig Øren)

DEN 18 APRIL I 2007 FYLLER LAGET VÅRT 60 ÅR, OG I DET HØVE VART VI SAMDE OM Å MARKERE VÅR ALDER.
Av dei som var med då laget vart  skipa er så vitt vi veit berre 3 att, Nemleg: Anna Knapstad Bakketun, Alvhild Hovland og Kaia Hovland.
Eg tek her med, leiarar, kasserarar og sekretærar i desse 60 åra.

Av leiarar har laget hatt fylgjande:
1947-50   Alvhild Hovland
1951-68   Aslaug Aalen (13år)
1969-73   Alvhild Hovland
1974-75   Solveig Øren
1976-77   Alvhild Hovland
1978-79   Dagfrid Humlestøl
1980-82   Gunnvor Knapstad
1983-85   Magnhild Sæterlid
1986-87   Gunn Steinhovden
1988-91   Oddveig Hovland
1992-95   Solveig Øren
1996-97   Gunn Steinhovden
1998-04   Gunnvor Knapstad
2005-        Elisabeth Ellingsund

Kasserarar har vore:
1947-54   Hilda Høyset
1955-63   Mary Knapstad
1964-68   Helga Knapstad
1969-78   Aslaug Aalen
1979-87   Oddveig Hovland
1988-90   Gunnvor Knapstad
1991-95   Solveig Øren
1996-97   Svanhild Nyttingnes
1998-        Audbjørg Øren

Sekretærar har vore:
1947-50   Aslaug Aalen
1951-53   Alvhild Hovland
1954-56   Sigrid Harbakke
1957-60   Margit Tonheim
1961-63   Helga Knapstad
1964-70   Olga Hovland
1971-76   Helga Knapstad
1977-79   Gunvor Knapstad
1980-84   Mary Knapstad
1985-86   Solveig Øren
1987-90   Ella Aarseth
1991-95   Nora Hesjedal
1996-02   Svanhild Storevik
2003-        Oddveig Hovland

Som ein ser av desse listene så har leiinga i laget skifta ein del, men likevel kan ein ikkje stikka under ein stol at same personane har skifta i dei ymse tillitsverva.
Samhaldet i laget har vore godt, og eg har enno ein gong hug å sitere noko som Olga Hovland skreiv då laget runda 40 år.
Og eg siterar: "Når eg i dag skal prøve kalle tilbake minner frå mi tid i Eikefjord BKL vert det ein krans av rike minner som stig fram. Frå den første tid til idag har det aldri forekomme usemje i laget. Mykje takk vere dei laglege leiarane vi har hatt. I dei første åra var det ikkje så stor møreverksemd, men det kom stadig nye med i laget og ved 30 års belet var medlemstalet 34. Det var lang avstad millom medlemane, heilt frå Ramsdal-Løkkebø og Steindal. Så det er ikkje så enkelt å nå fram til møta vintersdagen (Dette var før det var vanleg med privat bilar, og vel inga bondekvinne som hadde førarkort. Så det var vel å gå eller å sykle) Møta vart haldne kring om i heimane, og vi hadde det veldig hyggeleg. Programmet var skiftande. Fast på alle møta var andakt, møtebok og lagsavisa: "Vesle Lerka" var også lesen opp på alle møta.
I 1955 fekk vi tanken om å skaffe teppe i alteret i kyrkja. Arkitekt Finn Kraft teikna teppet og Magnhild Heggheim frå Jølster vov det, og det vart teke i bruk same året. Det har også vore på tale å koste senkeapparat til kyrkjegarden. Bondekvinnene sette igang innsamling mellom bygdefolket, og vi vart møtt med velvilje alle stader. Det vart tinga og kom på plass. Det var pengar til gode så vi kjøpte også teppe til katafalken og dåpsmugge.
Ferieveker vart også skipa til. 30 kvinner har i desse 30 åra vore på gratis ferie i 7 dagar kvar. Vi har også hatt ei turkasse der vi på kvart møte betalte 50 øre kvar. Desse pengane brukar vi til fellesturar som vi har hatt fleire av. Vi har fleire gonger vitja andre BKL lag og dei har også vitja oss. Vi har våre eldre på gamleheim i Florø. Dessverre har vi kome dei lite ihug. Men siste jul sende vi julehelsing frå laget. Dette vil vi prøve å gjere til ein tradisjon.
Så langt Olga Hovland. Ho Ynskte lukke til vidare med arbeidet i laget. Og mykje av dette ho har skreve om vart sidan tradisjon i laget. Men med betre vegsamband og meir bilbruk blandt medlemane, har fleire deler av kommunen vorte ein del av vår krins.
Laget vårt har gjennom desse åra vore med i det pulserande livet i bygda på ymse vis. Når andre lag og organisasjonar i bygda og utanom bygda har hatt møter / kurs har vi vore med og hjelp til med det praktiske- matservering. Rømmegrautkoking er vel ting vi kan seie vi har nesten vore sjølvskrevne til. Ikkje få liter rømmegraut har gjennom åra vorte kokt og servert ved tildømes: Tidlegare ved storfe/saueutstillingar og no ved: Open gard, Kyst dagane og Eikefjord dagane. Og ved eit høve selde vi og graut på torget i Florø. Ein gong var vi i Florø og laga frukost, sto på butikken til Økland og steikte sveler og serverte grovskiver med gammalost med rømme og tyttebærsyltetøy. Trur det var meieriet som var oppdragsgjevarar. Vi har vore på skulane og laga skulefrukost av sunne grove brødvarer, frukt, grønnsaker og mjølk.
Kurs verksemd har vi også prøvd å halde ved like, forutan lefsebaking - bunadband kurs - flatbrød baking - har vi hatt skrivemaskin-kurs og engelsk-kurs. Ei tid dreiv vi Onnebarnehage, der bønder kunne få ha borna på ein trygg stad i den tida det var travlegast med slått o.s.v.
Vi har halde på skikken med takkegudstjeneste om hausten, då vi får med oss ein klasse frå barneskulen til å bere inn haustens "grøde". Vi har hatt 2 stølsmøte, eitt på Skitnestølen og eitt på Svardalsstølen. 50 års dagen for laget markerte vi den 11 april 1997. Fylkets årsmøte avvikla vi på Nesjane 6/7 april 1991. I mange år hadde vi kakelotteri ein gong for året for å hjelpa på den økomomiske sida i laget.
I 2001 fekk laget vårt nytt namn. Det heiter no EIKEFJORD BYGDEKVINNELAG. Dette var vel ein fylje av at mange små gardar slutta med produksjon og vi ville gjerne nå alle dei kvinnene dom bur her og er interesserte i bygda sitt ve og vel, og vi ynskjer ar dei må finna seg ein plass i laget vårt.


Nokre glimt frå første åra i Bondekvinnelaget (kåseri av Alvhild Hovland)

Ja, tenk så er vi 40 år! Der er no ingen alder, men vi som har fylgt med laget i denne tida er glade i laget. Eg sit her i skummringa med eit "mindre nøste" og prøver å koma inn til midten, for å få ut den første enden. Nøstet er ikkje fast "vottne" dei første åra, så eg finn enden. "Tråden" er noko ujamn. Nokre stadar er den nesten avsliten, andre stader er nokre ulldottar med noko halvgløymt inne i - så kjem det nokre knutar og noko er "molete". Det vert vel såleis ikkje så heilt rett attgjeve dette, og noko springande vert det vel og.
Det var altså året 1947. "Høyseten" tykte det var viktig at bondekvinnene også hadde sitt lag. Bondelaget var då vel eit år gamalt, og "såvitt utor søtmjølka" ja, Ja! Alvhild skulle vera første formann, men det gjek ikkje så bra. ho dreiv med barnefødslar annan kvart år og hadde "tidsnok". Aslaug var skrivar. Sigrid Harbakke var då i sine beste år og var styremedlem i mange år. Hilda var kasserar. Ho stelte med økonoomien vår. Medlemmspengane var ikkje store i førstninga, så det var vel ikkje store summane ho hadde å rutte med dei første åra.
Etter 4 år tok ho Aslaug over formannsklubba. Då "gjekk alt så meget bedre" Aslaug var leiar i 17 år. I denne tida var ho ein del år medlem i fylkesstyret. Vi reiste i lag til Oslo i 1971 på A.C.C.C. kongress. Det var ei stor oppleving! Den store hallen på Sjølyst var fullsett av utsendingar frå alle verdensdeler. Det var metig å føle fellesskapet med trauste og blide bondekvinner frå den andre sida av jorda. Aslaug stillte villig opp til fotografering saman med dei i sine fokedrakter. I sunnfjordbunaden sin var Aslaug ein fin representant frå vårt fylke. Ho vart visst trollbunden av Egil Storbekken med tussefløyta si, men det var ho ikkje åleine om.
Helga Knapstad var skrivar i laget og skreiv mange koselege referat. Når ho eller andre har lese referata frå møta, har vi ofte vore damde om "at jammen har vi det kjekt" i bondekvinnelaget. Det har alltid vore godt samarbeid i laget. Margit i Kvalvika var også skrivar ei tid . Seinare var det Mary på Knapstad som tok pennen i si hand Du verden! Det er mange jenter å hugse på i Bondekvinnelaget.
På møte hos ho Bolette på Sørbøen. Det var sogesus inne i kjøkkengrua med varme under gryta som hang i "skjeringen" og mange vedfulle ting i det gamle gjestehuset på Sørbøen. Vi var i Svardalen hos Astrid. Ho hadde fått nytt hus, med trekvite vegger, grøne einegreiner i trekvite trekjerald og blå ullgardiner for glasa. Rømmegrauten vart aust opp  på gamle gjestefrie "binne". Men det er nokre år sidan dette.
Hugsar de ho Jørgina i Gara. Ho var blid ho! Sat rund og triveleg på krakken i kjellaren og skrelte poteter til lapskausgrytene. Det var i dei dagane det var årlege saueutstillingar på Knapstad. Ein gong var vi uheldige inne på "saga", der vi hadde "kaffeteriaen" vår, vi fekk sagerubb oppi skoa til Heggdal. Og så draup det vatn oppi. Han var ikkje blid Heggdalen, men kom seg fort då han fekk god kaffi av Olianna i Botna. Olianna kokte mang ei panne med kaffi. Ho lærte villig frå seg korleis kaffien vart klår og god. Mathilde i Vikabakken var ei av dei trufaste i alle år. Ho var lita og nett, men bestemt bak brilleglasa. Ho tok meg ei skrape eingong. Ho hadde sett på ei mylse-gryte for alle Vikakonene til ein fest som det ikkje vart noko av. "Du må vite kva du vil, Alvhild" sa ho. Seinare var vi alltid vener. Vi var glad i Mathilde og ho rekna med Bondekvinnelager ved alle sine høve i livet.
Så var vi på møte hos Lina i Steindalen. Har de sett det koselege bildet med alle dei fine døtrene på tunet ved stova hennar Lina. "Den gang var det piger da". Vi var hos Anna i Nortuna ein fin Junidag. Vi fekk visst rømmegraut, i alle høve spela ho "Gryta mennar mor" på sveivegrammafon til oss. Vi vart sitjande til ho Anna skulle gå å "molke" KOSELEGE minner!! Ragnhild på Eikevollen. Hildborg i Sørdalen og Astrid på Øyra. Dei var også i laget ei god stund, men no har vi ikkje sett dei på langsamelege tide. (som Tjelta sa ein gong)
Ho Olga i Innigarden. Ja henne hugsar eg og vi alle med stor takk. Alle år var ho trufast med. Det var aldri nei i hennar munn. Mang ein gong var vi på møte hos ho Olga. Mangt eit stykke las ho opp, og mangt eit stykke skreiv ho i "Vesle Lerka". Vi gjekk ilag i studieringen. Vi hadde emne som: Familie Økonomi, Bolig og bohave i eldre tid, Riktig muskelbruk, Skikk og bruk, Vi hadde Laila i Steindalen som lærar på kurset: "Livet har ei meining". Det var mange gjevande kveldstimar.
Så hugsar eg ho Alvhild Ramsdal. Ho var smilande og blid. Ho betalte gjerne kontigenten for både seg og døtrene. Anna på Bakketun var ilaget heile tida til ho vart sjuk og måtte halda seg heime. Og så ho Ellen Hopen, hennar medlemskop var altfor kort, "Vi må synge", sa ho "vi syng så alt for lite". Noko å tenke på! Synneve på Knapstad og eg var i Førde på eit av dei første fylkesårsmøta. Vi var begge plaga av bilsyka. Men vi var så inspirerte og oppglødde på møtet at vi merka ikkje svingane i Førdestranda. No er det smart slutt på første "nøste" Vi hadde mange gjeremål i laget desse åra, og mange hyggelege stunder. Vi spøta og prata så snart ho Aslug heldt opp med å lese desse evidelege skriva sine. Vi hadde våre felles problem og vi delte gjerne våre gleder og møye med kvarandre. Som for eks. at nokon hadde fått mjølkemaskin.. Å! du hendelse! Men så var det visst ei plage å få spenekoppane til å sitje på. Også fekk kyrne husmannsykje og mjølkefeber. Då var det godt å ha Hjermann, Så vi slapp pumpe opp kyrajura med sykkelpumpe. Det måtte vi saktens prate om.
Dei store oppgåvene vi hadde er vel opprita andre stader, dei er i alle høve ikkje med i dette "nøste". Det neste "nøste" vert sakte mykje større enn dette. For no er det nye tider og nye skikkar som vi gamle knapt kan fylja med i. Men vi gler oss med jubilanten, som har mange jarn i elden, for det er futt i laget vårt!!
Lykke til med dei neste 40 år (60 åra ?)

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2