Tursti Sørmarka er ein lett tursti i eit idyllisk skogsområde tilrettelagt av Eikefjord Idrettslag. Turen er ei rundløype merka med grønt. Turen starter ved Sørelva bru. 20200906 600 startEin følg stien innover langs elva. Den fortset opp motaen til Skaret, ein av gardane i Eikefjord. Du er no på Nordre Reineveg, ein gamal veg etabler for transport av tømmer med hest og slede. Denne vegen fortset innover i Sørmarka. 20200905 600 turOm ein fortset rett framover denne vegen kjem ein til ein veg til høgre. Denne går over til Høgareina.
Fortset rett fram. Ved elva nokre hundre meter lengre inne kjem ein til «Vaskeplassen». Dette var ein stadane dei i eldre tider vaska og skylte kleda sine.
Litt lengre inn finn du eit skilt som viser veg mot Knapstadbakkane. Dette er ein umerka og ikkje opparbeid sti. Stien forbind turstiane på nordsida av Eikefjord med turstiane i Sørmarka.
Lengre inne går vegen ned til elva. Legg merke til brua, den er bygd i karbonfiber av Brødrene Aa. Takk til Brødrene som sponsar lokale initiativ.20200905 600 bruAA
Vegen går så opp på LitjeFloten og vidare til Søre Reineveg. Søre Reineveg er ein traktorveg som tar deg ut mot Sørgard boligområde. På vegen utover kjem du til eit kryss der det står skilt til Søre Reineveg. Går du denne kjem du tilbake til stien som du kom frå og kan følgje denne tilbake til Sørelva Bru.20200905 600 barnevogn
Du kan også gå rett fram til Sørgard og følgje gangvegen ned til barnehagen og Sørelva bru.

webkart2

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2