Når det vart bygt ny riksveg 5 utanom sentrum i Eikefjord vart det samtidig planlagt ein rasteplass med høg standard. |
![]() |
|
![]() |
Samstundes som Eurorasteplassen vart opna, lanserte Vegvesenet sin nye kampanje, Stopp og Sov. Kampanjen skal oppfordre bilførarar til å stoppe og sove i 15 minutt om dei vert søvnige, og som eit ledd i kampanjen vart rasteplassen besøkt av ein Tornerose-patrulje. |
|
Eurorasteplassen hadde Vegvesenet først bestemt at skulle byggast i Svarthumla. Flora Kommune var ikkje fornøgd med denne plasseringa. I eit brev til Teknisk etat og Bystyrerepresentant Lars Terje Standal blei det trekt fram at ein rasteplass på Stien måtte være eit godt alternativ. Lars Terje tok dette med seg og sette fram eit benkeforslag i kommunestyret om at Eurorasteplassen måtte plasserast på Stien, noko kommunestyret vedtok. Etter ein del tautrekking fram og tilbake med Vegvesenet vart kommunen sitt vedtak ståande, og dermed har dei reisande fått denne fine rasteplassen på Stien. |