Når du kjøyrer forbi Hesjedalen kan du sjå eit skilt der det står kennel på. Her driv Leif Sæterlid og kona Aase kennel. Etter utstillinga på Nordfjordeid veit dei at dei er blandt landets beste på oppdrett av Golden Retriver.
For sist laurdag vart golden retriever-tispa Elvira frå Eikefjord kåra til beste juniorhund i rasen (BIR) på underhundeutstillinga på Nordfjordeid. Dermed kunne småbrukaren Leiv Sæterlid og kona Aase innkassere heider og ære framfor nasen på fleire storoppdrettarar frå andre stader i landet. Den svenske dommaren Inge Eson Thoor var svært ”förtjust” i golden retriever-tispa frå Eikefjord. ”Hon er född stjärna” sa han til Firdaposten etter utstillinga i Hærmuseumsparken i Nordfjordeid.

Betyr mykje
Leiv Sæterlid var glad då han var ferdig med å springe runde etter runde og stille hunden sin framfor dommaren. – Det er artig å få vurdert hunden av folk som har greie på det. No veit vi at vi er på rett spor i oppdrettet vårt. Ei utstilling er ikkje, som mange trur, ei rein venleikstevling. Her får vi beskjed om hundane er innanfor det som blir sett på som korrekt rasestandard. Ut frå det kan vi så planlegge vidare avlen av denne rasen hos oss. Vi som har små oppdrett ute i distrikta, kan sjeldan hevde oss i høve til dei store oppdrettarane innanfor denne rasen. Derfor er det ekstra artig når vi gjer det, seier Sæterlid.

Lite oppdrett
Sæterlid driv oppdrett av golden retriever i Eikefjord. I fjor fekk dei godkjend kennelnamnet ”Tribola” av Norsk Kennel Klub, og i alt har Leiv og Aase oppdretta rundt 50 golden retriever-kvalpar. Hundane blir leverte til alle kantar av landet. Halvparten blir i Sogn og Fjordane, men dei har òg levert ein hund heilt nord til Hammerfest.

Kilde: Firdaposten

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2