Det var mykje folk i kyrkja i dag med barnedåp, utdeling av bøker til 6 åringane og markering av skifte av sokneråd. To jenter, Marie og Johanne vart døypte, 6 åringane kvitterte for bøkene med to songar. Det gamle soknerådet fekk blomar og takk for fire års arbeid og det nye soknerådet vart ynskte til lukke med arbeidet framover. Prest var Jorunn Bae Hordvik, ho hadde ein stødig regi på det heile, engasjerte 6 åringane til song, gjennomførde dåpssermoniane, og delte ut blomar til soknerådsmedlemmane. Orgelet vart godt traktert av Marit Høyvik. Etter gudstenesta var det kyrkjekaffi og årsmøte.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2