I kveld var det idédugnad på skulen i høve Eikefjord dagane 2006. Den nye leiaren av grendalaget Kristen Breisnes leia den frammøtte dugnadsgjengen godt og før kvelden var omme var eit mylder av idéar komne på blokka. Mandag 3. april klokka 19.30 held grendalaget planleggingsmøte der representantar for lag og organisasjonar møter. Fram til då vert det å røkje etter kva idéar som let seg gjennomføre. Vi kan ikkje røpe så mykje, berre at dei faste postane går som før. Mellom anna kakebord, kyrkjekonsert, friluftsgudsteneste, kunstgalleri, dansefest, salsboder,utdeling av fjellturpris og Eikefjordprisen samt høve for born å sjå på husdyr. Vi trur det vert gildt i år og.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2