FAU ved Eikefjord Skule hadde møte torsdag 02.03.06 på rom 9 Eikefjord skule. Møtereferat finn du nedanfor.

 

Møtebok for FAU ved Eikefjord barne- og ungdomsskule

 

 

 

Møte torsdag 02.03.06 kl. 19.00 på rom 9 Eikefjord skule

 

 

 

Til stades: Kjell Humlestøl, Anne Cathrine Øren, Per-Øyvind Sørbø, Idar Øren, Even Hamn, Margunn Bakke, Ole Johnny Lid, Anita Løkkebø, Torleik Stegane, Aslaug Kvamsås Aa og Marlyn Tonheim.

 

 

 

Forfall: Leni Endestad, Jan Telstø, Janne Tonheim, Nina Liseth, Vigdis Foss, Trine Tønnesen, Geir Magne Øyra, Monika Knapstad, Oddvar Endestad, Nina Løkkebø og Ingunn Bergheim.

 

 

 

Referat frå møte den 02.02.06: Leiar Anita Løkkebø las gjennom referatet, og dette vart godkjend utan merknader.

 

 

 

Sak 02/06       Storforeldremøte

 

 

Rektor informerte om at han hadde snakka med Arne Klyve som hadde foredrag for foreldre då Florø ungdomsskule hadde stormøte for foreldre for kort tid sidan. Klyve hadde høve til å kome til Eikefjord i april, og vi har fått stadfesta at han kan kome onsdag 19. april. Det vert altså storforeldremøte denne dagen kl. 19.00, og tema er Foreldrerolla og rus.

 

 

 

Arne Klyve er undervisningsinspektør ved Bergensklinikkane, og engasjert av Sosial- og helsedepartementet for å informere om prosjektet ”Tør å sette grenser”. Det vil derfor ikkje koste anna enn reise og opphald å få Klyve til dette møtet, og vi er svært nøgde med å få ein så dyktig person til møtet.

 

 

 

Anita Løkkebø stilte spørsmål om finansiering av storforeldremøte. Rektor meinte det var viktig å halde slike møte med aktuelle tema, og sa at det hittil har vore eit spleiselag. Vi vart einige om å ta kr. 20,- per person i inngangspengar, og at skulen dekkar inn det som eventuelt gjenstår av utgifter.

 

 

 

Gjennomføring:            Kvar klasse stiller med 2 kanner kaffi (klassekontaktane fordelar oppg.)

 

                                   FAU kjøper krus

 

                                   Skulen ordnar med at elevar ber stolar til gymsalen

 

Klassekontaktane set stolane ut i salen (oppmøte kl. 18.15), og syt for å bere dei på plass etter møtet. Skulen syt for at alle stolane er merkte med kva klasserom dei høyrer heime i.

 

Rektor undersøker om Styve ynskjer lyd, og i så fall ordnar rektor dette.

 

Anita Løkkebø og Per-Øyvind Sørbø ordnar gåver til Styve.

 

Marlyn Tonheim får lagt ut info på www.eikefjord.net

 

 

 

Sak 03/06       Kunstutstilling i veke 17

 

 

Kunstutstillinga var svært vellukka i fjord, og vi vil køyre same opplegg når det gjeld fordeling av oppgåver:

 

 

 

1.-4. kl: bake ”tørre” kaker, til å halde i handa

 

5.-7. kl: ordne til / rydde opp

 

8.-10. kl: drive kafè (same opplegg som 17. mai)

 

 

 

Anita og Anne Cathrine skal finne ut kor mange kaker og kor mykje kaffi som måtte til i fjor.

 

 

 

Det er klassekontaktane i kvar klasse som må syte for å skaffe folk til dei ulike oppgåvene. Nærare informasjon om kor mange folk og kva dei skal gjere, vil kome når det nærmar seg utstilling.

 

 

 

Sak 04/06       Oppmelding av saker til FAU

 

 

Leiar uttrykte ynskje om å få klargjort korleis vi får opp saker i FAU. Ho ba om at klassekontaktane melder inn saker i så god tid at dei kjem med på sakslista.

 

 

Dersom alle melder inn saker så snart dei har fått dei, vil vi òg kunne handsame dei raskt. Utan saker går det gjerne lang tid mellom møta, og når det så vert møte, får ein så mykje på ”Ymse” at møta tek lengre tid enn vi er førebudde på. Oppmodinga er å få så mange saker som mogleg på sakslista, slik at vi betre kan disponere tida på møtet.

 

 

 

Ymse

 

 

Henting og bringing av barn: det kom oppmoding om at foreldre må ta omsyn til skiltinga som gjeld innkøyringa opp til skulen. Både på vegen opp til skulen og ved busshaldeplassen er det stadig farlege situasjonar. FAU ber alle klassekontaktane om å ta dette opp på foreldremøte.

 

 

 

Det vart ikkje fastsett dato for neste møte.

 

 

 

 

 

Møtet slutt ca. kl. 20.30

 

 

 

 

 

Anita Løkkebø                                                Marlyn Tonheim

 

- leiar -                                                                       - nestleiar og referent –

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2