Fotballgruppa i Eikefjord lanserer no si eiga webside. Her skal ein finne alt som er verdt å vite om fotball i Eikefjord.
Image

Eikefjord.net vil sjølvsagt referere fotballkamper som tidlegare, men vil linke vidare til fotallsidene for utførlege kampreferat.

 

Det er Thomas Fraas som har designet sidene. Han har brukt Mambo som er samme program som ligg bak eikefjord.net sidene. Dette sikrar eit breiare brukarmiljø for dette programmet i Eikefjord og dermed vil begge nettstedene stå sterkare.
Lars Fraas er redaktør og med ein så fotballinteressert person på plass vil det nok komme mange gullkorn på sidene etter kvart. Berre følg med i "Viste du at" så får du servert noko av det han har samla.

Den vanskelege biten for Lars blir nok å få tak i nyheter frå alle aldersbestemte lag i fotballgruppa. Her må han ha hjelp av oppmenn og trenarar med stikkord eller reportasjer slik at han også får med desse laga på nyhetene på portalen.

Eikefjord.net har link vidare til fotballsida på venstre meny på inngangssida.

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2