ImageI alle år har vi hatt ei fin utsikt frå skulen og utover sjøen. Som bildet ved sida av viser har vi fin utsikt endå, men kva skjer når bjørkene langs vegen veks seg store. Dette er eit spørsmål fleire og fleire stiller seg. Skal vi berre la bjørkene vekse seg store og fine, eller skal vi alt no ta fatt i saken og styre utviklinga av bjørkeallen.
Bjørkene nedanfor skulen er berre eit av offentlege områda som vil trenge vedlikehald framover. I planane til Miljøstranda ligg det inne ein god del beplantning som også vil trenge vedlikehald om det ikkje skal sjå ut som eit villnis om få år.  

Eikefjord.net har tillatt seg å manipulere inn store bjørker langs vegen mot sentrum for å synleggjere korleis utsikta vil bli om nokre år dersom vi ikkje styrer veksten av bjørkene. Om eit par år vil dei bli så store at dei vil for alvor begynne å stjele av utsikta frå skulen.
Image
La oss ta tak i grøntområda våre, planlegge korleis vi vil ha det og handle deretter.

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2