ImagePå lørdag hadde Brigt Samdal og Gro Rukan som første eikefjordingar godkjent slakteri på garden i Havna. Dei fekk besøk av mobil slaktebil der slakting, flåing og godkjenning vart utført på løpande band. Sauene som skulle slaktast kom frå eigen gard, frå Hilde Buer på Grønenga og Kolbjørn Taklo på Grov.
Fordelen med slaktebilen er den korte transporten av levande dyr. Her parkerer slaktebilen på tunet og dei nærmaste besetningane blir frakta kun over korte avstandar.

 

Bonden Brigt helsar på hobbybøndene som stilte som sankelag.
Image
Alle bilder: Atle Grøneng

 


Brigt ønsker alle velkomne til første mobilslakte i Eikefjord.
Sauene kjem frå eigen gard og frå Hilde Buer på Grønenga og Kolbjørn Taklo på Grov
Image

 

 
 
Alt skjer i ordna former med Brigt, mattiksynet og Øyvind Sundsøy som kontrollører
Image 

 

 
 
 
Dette er også undervisning in naturalia. Det som desse ungdommane får oppleve er det ikkje mange i dag som har kunnskap om. For 40 år sidan var dette noko ein opplevde kvar haust rundt omkring på bygdene.
Skal tru kor mange skuletimar i eit klasserom dette tilsvarar? Og så kan det også bli ein god stil når inntrykkja har sett seg.
Image 

 

 
Og så er eit saue liv over og på veg til kontroll og middagsgryta.
Image 

 

 
 
Matilsynet kontrollerer om sauen har hatt nokon leversjukdom
Image 

 

 
 
Slaktet er godkjent og blir stempla av mattilsynet
Image 

 

 
Brigt og mattilsynet kjem til førkontroll på dyra til Brigt og Gro i innhegninga ute i skogen, så her er det ikkje nokon lang transport til slakteriet.
Image 

 

 
Gro har sin siste kos med god veiren før det ber til slakteriet.
Image 

 

 
Og så tar Gro gromveiren med på den siste reis. Det kan vel ikkje gjerast meir dyrevenleg?
Image 

 

Fjellet

Fjellet
Fjellet 2

Eikefjord

Eikefjord 1
Eikefjord 2

Hallen

Hallen 1
Hallen 2