ETTERLYSING
Om ein månad er det 17. mai, og leiar i idrettslaget lurer på om nokon veit kor beltet som ein kan feste fana i, er. Vi fann ikkje beltet i fjor, og lurer på om nokon vi ikkje har spurt, veit kor beltet kan vere. Hugsar du å ha brukt det? Kor tid var det? Leverte du det kanskje vidare til nokon? Håpar beltet dukkar opp att. Ta kontakt med Marlyn Tonheim, tlf 943 63 820 viss du har spor som kan hjelpe oss å finne beltet. På førehand takk.